Mikael er eit hebraisk mannsnamn som tyder ‘Kven er som Gud?’.

Namnet har fleire variantar: Micael, Michael, Michal, Mickael, Mikael, Mikal, Mikkal.

Namnedag er 29. september. Mikal og Mikkel har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Mikael

Eit utval personar med namnet Mikael, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 050 menn i Noreg som hadde Mikael som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 44 gutar som fekk namnet Mikael.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Mikael og Michael slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Mikael var blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Filip, Joakim, Lukas, Markus, Mathias, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra.

Utvikling i bruk av namnet Mikael frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Mikael frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Mikael på 1800-talet.

Mikael var mest brukt i Bergen og Nord-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Mikael på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Mikael var mest brukt i Bergen og Nord-Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Michael.)

Historisk bruk av namnet Mikael
Historisk bruk av namnet Mikael
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg