Mikkel er eit mannsnamn som er norsk og dansk form av det hebraiske Mikael som tyder ‘Kven er som Gud?’.

Namnet har fleire variantar: Mikjel, Mikkel, Mikkjel.

Namnedag er 29. september. Mikael og Mikal har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Mikkel

Eit utval personar med namnet Mikkel, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 399 menn i Noreg som hadde Mikkel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 174 gutar som fekk namnet Mikkel, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Nokre av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Dei gjekk så tilbake før dei fekk ein ny toppfase på slutten av 1900 eller litt seinare. Dette gjeld til dømes Mikkel (av Mikael) som fekk ein ny topp etter 2010. Døme på å andre namn av denne typen med lydleg justering og liknande kurveprofil er Anders (av Andreas), Bent (av Benedikt), Lars (av Laurentius) og Mads (av Mathias).

Utvikling i bruk av namnet Mikkel frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Mikkel frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Mikkel på 1800-talet.

Mikkel var mest brukt i Hordaland og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Mikkel på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Mikkel var mest brukt i Hordaland og Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Michel.)

Historisk bruk av namnet Mikkel
Historisk bruk av namnet Mikkel
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg