Nielsens viktigaste arbeid er Søgnir fraa Hallingdal frå 1868. Opptaket vart gjort av hallingdølen Sander Røo, som sjølv hadde skrive ned segner og også fått andre til å skriva ned for seg. Han samrådde seg m.a. med Aasen og truleg med Hans Ross og H. E. Berner, som skulle bli formann i Det Norske Samlaget. Berner fekk Nielsen til å ta på seg utgjevinga, og Nielsen var truleg i Hallingdal i 1867, i alle fall kunne han leggja til nokre eigne oppskrifter. Boka kom ut som Samlagets første bok.
Første delen, som handlar om Villandsætta, er fortalt av Sander Røo, likeeins fleire av segnene om sterke folk. Lars Reinton karakteriser han som «ein av dei beste og pålitelegaste sogemenn øvre Hallingdal har hatt. Søgnir bør ein kalle Tor Villands og hans samverk, men komposisjonen er Sanders». Nielsen retta lite og ingenting i sjølve forteljestilen. Sander synest medvite å ha nytta sjeldsynte og gamle ord, slik at språket er blitt arkaisk. Men, legg Reinton til, boka skulle også visa «hallingmålet i all sin rikdom og alle sine avbrigde». Dette har nok ført til at boka ikkje fekk den store lesarkrinsen, men den må likevel karakteriserast som eit gjennombrot for folkeminnesamlingar på dialekt, i motsetning til Andris Vangs samling av eventyr og segner frå Valdres (1850).
Nielsen gav seinare ut første delen av Gamla Segner fraa Valdres etter Uppskrift av Andres Eivindsson Vang; andre delen, som også var ferdig i manuskript, forsvann. Berre delar er funne igjen i Moltke Moes samlingar, men er aldri blitt utgjevne.
Johan Eberhard Nielsen høyrde til dei som meinte at kunnskap ikkje berre om den norske kulturen og historia, men også om verdshistoria var viktig for det norske folk. Han interesserte seg for den klassiske greske kulturen og ga anonymt ut Gamla Sogor um Hellas og Persarriket (1870) og Sogor um Grækarane og Turkarne (1876) på Det Norske Samlaget. 80 år gamal ga han i 1907 ut ei delomsetjing av Homers Iliaden, Akillevs og Patroklos.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.