Faktaboks

Etymologi
av norrønt Ǫgvaldsnes, første ledd trolig et gammelt mannsnavn
Innbyggjartal
2879 (SSB, 2023)
Landareal
3,2 km²
Tettstadsnummer
4708 Avaldsnes

Avaldsnes kirke, Olavskirken på Karmøy, bygd omkring 1250. Den er en av Norges største middelalderkirker i landdistriktene. Det restaurerte tårnet ble tegnet av Eyvind Moestue og stod ferdig i 1923.

.
Lisens: CC BY SA 2.0

Avaldsnes er ein tettstad i Karmøy kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,2 km², og har 2879 innbyggjarar (2023).

Avaldsnes ligg inst i Bøvågen på austsida av Karmøy, ved E 134, tre km sør for Karmsundbrua. Avaldsnes er òg eit sokn som omfattar Karmøy-delen av den tidlegare Avaldsnes kommune.

Historikk

Avaldsnes har mange historiske minne, dei eldste frå eldre steinalder (Fosna buplass, ca. 9000 år gammal, Utvikgrend). Frå bronsealderen vart det på 1800-talet registrert 42 store gravhaugar på Blodheia og 56 på Kongsheia, vest for Fv. 47. Seks av desse 3500 år gamle haugane er bevarte. Dei største har ein diameter på 40–50 meter og er fem meter høge. Frå jernalderen er det òg fleire haugar, den største er Flagghaugen med mellom anna rike gullfunn, sjå Avaldsnesfunnet.

På Avaldsnes hadde Harald Hårfagre kongsgard. Olav Tryggvason bygde ei trekyrkje på grunnen til kongsgarden, og rundt 1250 vart Olavskyrkja, dagens Avaldsnes kyrkje, reist her av Håkon Håkonsson. Den er blant dei største mellomalderkyrkjene i landet utanfor byane og vart restaurert i 1929. Tett ved kyrkja står Jomfru Marias synål, ein seks meter høg bautastein som lutar inn mot kyrkjeveggen. Segna fortel at Jorda vil gå under når spissen berører kyrkjeveggen. Det er grunn til å tru at hanseatane oppretta det første kontoret sitt i Noreg på Nottå, ved kongsgarden. Kongsgarden vart brunnen av hanseatane i 1368.

Kart

Avaldsnes
Avaldsnes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørkvik, Halvard m.fl.: Kongskyrkje ved Nordvegen : Olavskyrkja på Avaldsnes 750 år, 1999, isbn 82-91559-16-3
  • Ekroll, Øystein m.fl.: Kirker i Norge, b. 1, 2000, 136-39, isbn 82-91399-11-5
  • Opedal, Arnfrid m.fl.: De glemte skipsgravene : makt og myter på Avaldsnes, 1998, isbn 82-7760-043-7
  • Rindal, Magnus & Gro Steinsland: Heilage stader i Norge, 2001
  • Skadberg, Lars: Olavskyrkja og kongsgarden på Avaldsnes, 1950
  • Sør-Reime, Geir, red.: Avaldsnes : Norges eldste kongesete, 1989, isbn 82-7096-227-9
  • Frá haug ok heiðni, 2000, nr. 3 (tema: Avaldsnes)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg