Faktaboks

Arne Hjeltnes
Fødd
9. august 1963, Kristiansand
Arne Hjeltnes, 2014
Arne Hjeltnes, 2014
Av /𝒲.
Lisens: CC BY 3.0

Arne Hjeltnes er ein norsk forfattar, humorist, næringslivsmann og programleiar, mest kjent frå programserien Gutta på tur.

Bakgrunn

Hjeltnes har vakse opp fleire stader i Noreg, men reknar Voss som sin heimstad. Han har studert siviløkonomi og marknadsføring, og var frå tenåra engasjert i Unge Høgre.

Tv-karriere

Tv-karrieren starta med innslag i NRK-programmet Hotell i 1990, vart tilsette som promo- og presentasjonssjef i TV 2 i 1992, der han gjekk over til ei rolle som programleiar i 1994.

Han er mest kjend frå programserien Gutta på tur, sendt på TV 2 frå 1994 til 2002, der han saman med Arne Brimi, Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie reiste rundt i verda, saman med ulike gjester. For serien vart Hjeltnes tildelt Gullruten som beste programleiar 1998 og 2000, og han vann Kringkastingsprisen i 2003. Nye rundar av Gutta på tur vart laga i 2010 og 2017.

I 2009 leidde han NRK-serien Vår ære og vår makt.

Forfattarskapen

Hjeltnes debuterte som lyrikar med samlinga Den sumaren eg fylte diesel (1993), og har seinare gitt ut fleire humoristiske bøker, diktsamlingar og Gutta på tur-bøker. I 2014 kom romanen Stupetårnet, medan han i 2020 gav ut kokeboka Julehøgtid med Arne Brimi.

Næringsliv

Han har òg jobba for Sparebankforeningen frå 1985 til 1987, Eksportutvalget for fisk frå 2003 til 2005, Innovasjon Noreg frå 2005 til 2007, Marine Harvest frå 2007 til 2008 og som styreleiar i det skandinaviske kommunikasjonsselskapet Creuna. Han har òg vore aktiv som politikar i Høgre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg