Faktaboks

Arne Brimi
Uttale
brˈimi
Fødd
1. oktober 1957, Våga, Innlandet

Arne Brimi

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Arne Brimi er ein kokk, kokebokforfattar og gründer frå Vågå. Han har gjeve ut ei rekkje bøker om norsk mat basert på naturlege råstoff, og han har delteke i fjernsynsserien «Gutta på tur» på TV 2.

Bakgrunn

Brimi vart fødd på Tessan i Vågå. Han utdanna seg til kokk på Lillehammer, og arbeidde som kokk og kjøkkensjef ved Fossheim Hotell på Lom 1978–2002 og gjorde hotellet landskjend for sitt «Naturens kjøken». I 1985 vart han årets kjøkkensjef, og i 1987 deltok han i det første Bocuse d’Or i Lyon – den uoffisielle verdsmeisterskapen i kokekunst, med namn etter meisterkokken Paul Bocuse. Brimi nådde ikkje til topps, men turen resulterte i den første kokeboka hans, Frå Lom til Lyon. Kokebok frå naturens kjøken (1987).

Sidan 1998, då første spadetak vart tatt, har Arne Brimi drive Brimiland, som veks og utviklar seg endelaust. Mellom anna har han hotellet og restauranten Brimibue i Lom, hovudrestauranten Vianvang, hotellet Brimi Fjellstugu og Brimiskogen Klatrepark. Selskapet arrangerer matkurs og tilbyr skreddarsydde opplevingar. I 2005 vart han slått til riddar av St. Olavs orden.

Matfilosofen, naturelskaren og noregsambassadøren

Arne Brimi med staben

Arne Brimi har lagt særleg vekt på bruk av naturlege råvarer og det å prøve å finne fram til den opphavlege smaken i maten. «Vi må slutte å utfordre naturens grenser. Som kokk kan eg ikkje gjeva meg sjølv fridom overfor råvara,» skriv han.

Om det perfekte måltidet skriv han at det er «å bearbeide råvarene så nær opp til det naturlege som mogleg». Hovudbodskapen hans er at tradisjonskost er spennande og velsmakande mat for vår tid.

Brimi har også presentert tankar om korleis atmosfæren kring måltidet bør vere – helst så ujålete og uformell som mogleg. Samstundes har han vore ein viktig formidlar av norsk matkultur i ein internasjonal samanheng. Han har vore engasjert av store selskap, mellom andre SAS, for å utvikle rettar basert på «Naturens kjøken».

Med Gutta på tur

Hausten 1995 vart Arne Brimi fjernsynsstjerne som medverkande i programserien Gutta på tur på TV 2. Her deltok han saman med Arne Hjeltnes, Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie i eit konsept der dei saman drog rundt i verda til stader så ulike som den kinesiske muren, Provence og villmarka i Alaska.

Eit sentralt element i serien har vore å skaffe seg og lage til sin eigen mat, og Brimi var den sjølvskrivne kokken i gjengen. Han vart elles særleg kjend for si tilråding i serien om å bruke sjalottlauk. Gutta på tur hadde høge sjåartal. Dei hittil siste programma i serien vart sende i 2006.

Kokebokforfattaren

Arne Brimi held matkurs

Sidan turen til Lyon har Arne Brimi gitt ut ei rekkje kokebøker. Dei fleste tek føre seg den norske nasjonalkokekunsten i ulike former, men han har også skrive om nasjonalretter i andre land og bidrege med oppskrifter i meir tematiske bøker. Dei tolv bøkene til Arne Brimi har selt meir enn 500 000 eksemplar.

Riddar og prisvinnar

I 2005 vart Arne Brimi slått til riddar av St. Olavs orden for innsatsen sin for norsk matkultur. Same året utnemnde Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) ved Ås han til æresdoktor. Rektor ved universitetet, Knut Hove, påpeika då at UMB og Arne Brimi har ei felles målsetjing i å stimulere alle til å bruke norsk natur og hauste mat derifrå.

Brimi har også fått fleire andre prisar, mellom anna for språkbruken sin – i 2001 fekk han Landssamanslutninga av nynorskkommunar sin heiderspris. Munnleg taler han stødig dialekten frå heimbygda, og nettstadene og fleire av kokebøkene hans er på nynorsk. Som nynorskbrukar har han vore noko av ein pioner i matmiljøet, der bokmålet har vore dominerande som målform både i skrift og tale.

I 2023 gjekk Arne Brimi i spissen for å redde TINE Meieriet Lom & Skjåk, som produserar Gudbrandsdalsost Original G35, Tine Heidal, gomme og søst.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg