Ungtyrkarane, politisk rørsle i Tyrkia i tida rundt den første verdskrigen. Rørsla tok sikte på å sammensveise det multinasjonale osmanske riket til ein organisk heilskap og gjennomføre reformer etter vesteuropeisk mønster.

Rørsla hadde ein forgjengar i nyosmanane, som starta blant eksiltyrkarar i Frankrike og var i byrjinga reint litterær. Dei politiske aspirasjonane til rørsla såg ut til å bli oppfylt med grunnlova av 1876, men etter at sultan Abdülhamit 2 hadde oppheva denne vart rørsla aktivisert igjen. Frå 1889 organiserte ungtyrkarane seg i Tyrkia og i utlandet, særskild i Paris, og dei danna Partiet for eining og framsteg, som kom til makta i Tyrkia etter den såkalte «ungtyrkiske» revolusjonen i 1908. Denne braut ut etter inntrykk frå hendingane i Russland 1905–07. Den utløysande årsaka til omveltninga var den russisk-britiske avtalen av 1908 om kontrollen over provinsen Makedonia. Dei tyrkiske garnisonane i Makedonia, som vart leidde av Enver pasja, gjorde væpna opprør, marsjerte mot Konstantinopel, og Abdülhamit 2 vart tvinga til å innføre grunnlova av 1876 igjen og sammenkalle ei nasjonalforsamling. 1909 vart sultanen avsett og erstatta med Mehmet 5. Regjeringsmakta vart overteken av «Komiteen for eining og framsteg».

Ungtyrkarane hadde ikkje noko presist definert sosialt program, og dei kom i konflikt både med dei nasjonale minoritetane og arbeidarane. Som følgje av dette braut det ut ei rekke streikar og politisk uro i riket, og denne oppløysingstendensen vart styrkt gjennom Tyrkias nederlag i krigen mot Italia 1911. I 1913 vart den ungtyrkiske regjeringa omforma til eit tremannsdiktatur under Enver pasja, Talat pasja og Kemal pasja, som først gjennomførte ei rekke reformer særleg på opplysingsområdet, men gjekk deretter inn for å gjennomføre eit sjåvinistisk program i samvirke med tyskarane. Det ungtyrkiske regimet endte med Tyrkias kapitulasjon i 1918, men hjelpte fram den nasjonale frigjeringsrørsla som førte fram til danninga av Republikken Tyrkia i 1923.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.