Millet var i Det osmanske riket eit system der kvar religiøse gruppe hadde ein avgrensa rett til sjølvstyre under sine eigne lover. Milletane hadde ansvar for ulike sosiale og administrative funksjonar som staten ikkje tok seg av. Blant anna hadde dei eigne domstolar via personrett, som kunne vere basert på kristen kyrkjerett (kanonisk rett) og jødisk halakha. Den religiøse leiaren var ansvarleg overfor dei sentrale styresmaktene for å oppfylle bestemte plikter, spesielt for å betale skatt og sørgje for intern ro og tryggleik.

Faktaboks

Etymologi
tyrkisk «religiøs gruppe» eller «folk», frå det arabiske ordet millat som betyr «nasjon»

Etter dei osmanske Tanzimat-reformane (introduserte i 1839 og 1856) vart omgrepet millet brukt om juridisk verna religiøse minoritetsgrupper.Milletsystemet er blitt kalt eit tidleg eksempel på moderne religiøs pluralisme.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg