Faktaboks

Talat pasja
eigentleg Mehmet Talât, med tittel pasja
Uttale
talˈaat pˈasja
Fødd
1874
Død
1921
Mehmed Talat
Mehmed Talat
Av /𝒲.

Talat pasja var en tyrkisk politikar, som saman med Enver pasja og Cemal pasja var ein av leiarane for den ungtyrkiske rørsla, som tok makta i det tyrkiske (osmanske) riket ved revolusjonen i 1908.

Talat var fleire gonger minister i perioden 1909–1917 og storvesir frå 1917 til 1918. Som innanriksminister bar han hovudansvaret for deportasjonen av armenarar frå hovudsakleg dei austlege provinsane i Tyrkia til Syria og Mesopotamia (Irak), og massakrane i samband med desse. Talat vart myrda i eksil i Berlin av ein armensk terrorist.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg