Artikkelstart
Tok pisin er eit kreolspråk som blir brukt på det nordlege fastlandet av Papua Ny-Guinea. Språket er det mest brukte i landet, er offisielt språk og fungerer som lingua franca. Tok pisin er førstespråket til 120 000 menneske, og av desse er 50 000 einspråklege. 4 millionar menneske snakkar tok pisin som andrespråk.
Faktaboks
- Også kjent som
-
Engelsk New Guinea Pidgin eller Tok Boi. Akademisk engelsk Melanesian Pidgin English eller Neo-Melanesian.
- Språkkoder
- tpi (TPI)
- ISO-639:3
- tpi
Tok pisin er offisielt språk i Papua Ny-Guinea, ved sida av engelsk og hiri motu. Språket er mykje nytta i parlamentet. Dei fleste regjeringsdokumenta er på engelsk, men offentlege opplysningskampanjar er i stor grad på tok pisin. Engelsk er hovudspråket i skulen, men somme skular nyttar tok pisin dei tre første åra.
Språket heiter Tok Pisin på tok pisin, og det høyrer heime i Papua Niugini 'Papua Ny-Guinea'. Hovudstaden i landet heiter Pot Mosbi 'Port Moresby' – eller berre Mosbi.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.