Pidginspråk er forenkla hjelpespråk som har oppstått i samkvemmet mellom menneske som treng å kommunisere, men som ikkje har noko språk til felles. Dei har oftast oppstått i handelssituasjonar eller i kontakt mellom tenarar og herrar, mellom arbeidarar (eller slavar) og formenn eller mellom arbeidarar (eller slavar) med ulik språkbakgrunn.

Mange pidginspråk oppstod i møtet mellom europearar og ikkje-europearar i samband med handel og kolonisering frå og med 1500-talet, mellom anna langs hovudfartsvegane for slavehandelen i Vest-Afrika og Karibia. Men det har òg oppstått pidginspråk i andre situasjonar og andre stader, som i Afrika, Australia og Oseania.

Ordet pidgin er kjent frå midten av 1800-talet som namn på eit hjelpespråk som blei brukt i kontakten mellom britar og kinesarar i Aust-Asia.

Ordtilfanget i eit pidginspråk er i hovudsak henta frå eitt språk som var førstespråket (morsmålet) til nokre av brukarane då pidginspråket oppstod. Ein plar seie at eit pidginspråk er basert på det språket som størstedelen av ordtilfanget kjem frå. Mange pidginspråk er baserte på engelsk, fransk eller portugisisk, og ein seier då at dei er engelskbaserte, franskbaserte og portugisiskbaserte. Det språket som ordtilfanget kjem frå, blir kalla leksifikator (engelsk lexifier) eller superstrat. Dette er som regel språket til den gruppa som kontrollerer det området der kontakten skjer. Språka til alle dei andre som brukar språket, blir kalla substrat. Substrata kan til dømes vere afrikanske språk eller språk i Melanesia.

Grammatikken i eit pidginspråk er sterkt forenkla jamførd med grammatikken i superstratet, og har som regel mange grammatiske drag frå substrata. Døme på dette finn vi i melanesisk pidginengelsk, som oppstod tidleg på 1800-talet, då britiske kolonisatorar, handelsfolk og kvalfangarar kom til Melanesia. Ordtilfanget i melanesisk pidgin-engelsk kjem stort sett frå superstratet engelsk, medan grammatikken i hovudsak har strukturar som vi finn att i dei melanesiske substrata, språk som høyrer til den austronesiske språkfamilien eller dei mange “papuanske”  språkfamiliane.

Det finst meir og mindre faste og stabiliserte pidginliknande hjelpespråk av mange typar. For det første finst det ulike stadium på vegen til eit pidginspråk, og då er det praktisk å skilje mellom prepidgin og pidgin. For det andre finst det ulike stadium på vegen frå eit pidginspråk og til eit fullt utbygt språk. Då er det praktisk å skilje mellom avgrensa pidgin og utvida pidgin.

Pidginspråk må skiljast frå såkalla prepidgin (også kalla sjargong) – det forenkla og usystematiske språket som ein til dømes høyrer når turistar prøver å gjere seg forstådde på engelsk i eit ikkje engelskspråkleg land: Dei lèt til dømes vere å bøye orda, og prøver å halde seg til eit sterkt avgrensa ordtilfang. Norsktalande brukar ofte ei liknande språkform når dei snakkar norsk til folk som nyleg er komne til landet: Du ikkje snakke norsk? Meg hjelpe du.

Eit litt meir pidginaktig språk kunne for nokre tiår sidan høyrast på norske båtar i utanriksfart, der norske og spanske sjøfolk kunne snakke saman med setningar av typen: Ju no laik trabako? ‘Likar du ikkje å arbeide?’, Mi plenti laik sova ‘Eg er veldig glad i å sove’, Mi no savé ‘Eg veit ikkje’ eller Mor spring! ‘Skund deg!’. Ingen ord blei bøygde, og fortid og framtid blei uttrykte med høvesvis bifor og after.

Russenorsk, som blei brukt i pomorhandelen mellom russarar og nordmenn før den første verdskrigen, er eit heimleg døme på eit hjelpespråk i ein overgangsfase mellom prepidgin og pidgin. Russenorsk skil seg frå vanlege pidginspråk ved å ha oppstått mellom to likeverdige grupper – norske og russiske handelspartnarar. Ordtilfanget kom frå russisk, norsk, engelsk og diverse andre språk, medan det fanst få stabiliserte grammatiske strukturar.

Pidginspråk skil seg frå prepidgin ved å ha ein relativt stabil grammatikk og eit relativt stabilt ordtilfang, men med ein god del variasjon.

Eit døme på eit meir utvikla pidginspråk er bilkiire, eit pidginspråk som blir nytta i Adamaoua-provinsen i Nord-Kamerun. Så å seie heile ordtilfanget kjem frå fulfulde, men grammatikken er ekstremt forenkla. Fulfulde er førstespråket til fulaniane, som er den største av ei lang rekkje folkegrupper, som nyttar bilkiire som hjelpespråk. Fulaniane hadde den politiske makta frå tidleg på 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Fulfulde har ein komplisert grammatikk. Til dømes har språket 20 genus med følgjer for bøyinga av mellom anna adjektiv og partisipp, og verbet har òg ei omfattande og komplisert bøying. Ikkje noko av dette finst i bilkiire. Medan debbo ‘kvinne’ heiter rewɓe i fleirtal på fulfulde, er fleirtalsforma debbo feere feere på bilkiire. På fulfulde tyder feere feere ‘forskjellig, av fleire slag’. På fulfulde har talordet ‘éin’ tjue ulike former (gooto, woore, ngoori, ngoota, wooto, gootel og så bortetter), avhengig av genuset, medan det har berre éi form, gootel, på bilkiire. Medan verbet på fulfulde blir bøygt i mellom anna modus, aspekt, anterioritet, diatese og numerus, er verbet ubøyeleg på bilkiire, bortsett frå ein fortidsmarkør -no som kan setjast etter verbet. 

Mange pidginspråk har utvikla seg til å bli fullverdige språk som blir nytta i alle situasjonar. Slike pidginspråk blir kalla utvida (engelsk extended) pidgin, i motsetnad til mindre utvikla variantar med meir avgrensa bruksområde, som blir kalla avgrensa (engelsk restricted) pidgin.

Bilkiire, som blei omtala i avsnittet over, kan karakteriserast som eit avgrensa pidginspråk, medan melanesisk pidginengelsk er eit døme på eit utvida pidginspråk. Melanesisk pidginengelsk blir nytta over eit stort område i den melanesiske øyverda. I statane Papua Ny-Guinea, Salomonøyane og Vanuatu spelar ulike dialektar av melanesisk pidginengelsk ei sentral rolle i samfunnet, ikkje minst på grunn av eit sterkt språkleg mangfald – det blir tala over 1000 språk i dette området:

  • Papua Ny-Guinea, med over 800 språk, har tre offisielle språk: tok pisin (ein dialekt av melanesisk pidginengelsk), hiri motu og engelsk.
  • Salomonøyane, med 120 språk, har berre engelsk som offisielt språk, men berre 1–2 % av innbyggjarane snakkar engelsk, og Salomonøy-pidginengelsk (ein dialekt av melanesisk pidginengelsk) er det viktigaste hjelpespråket.
  • Vanuatu, med over 100 språk, har tre offisielle språk: bislama (ein dialekt av melanesisk pidginengelsk), engelsk og fransk.

Papua Ny-Guinea har over 6,6 millionar innbyggjarar (2015), og det er truleg fleire millionar som talar tok pisin som andrespråk. Tok pisin blir nytta på alle område i samfunnet, og er det mest brukte språket i forretningsliv og parlament. Det har ein velutvikla og stabil grammatikk og eit stort ordtilfang. Det er òg skriftspråk. Over 100 000 menneske har tok pisin som førstespråk. Det er folk som har vakse opp i heimar der foreldra har snakka tok pisin, som andrespråk, med kvarande og med borna. 

Når eit pidginspråk utviklar seg til å bli førstespråket (morsmålet) til ei gruppe talarar, kallar ein det ikkje lenger pidginspråk, men kreolspråk. Som situasjonen i Papua Ny-Guinea viser, er det likevel vanskeleg å avgjere om tok pisin skal kallast eit pidginspråk eller eit kreolspråk. Det er eit vanleg syn at pidginspråka først utviklar seg til fullverdige språk etter at dei har blitt kreolspråk, men tok pisin viser at det ikkje er så enkelt.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.