Sesamfrø og sesamolje

Både sesamfrø nytta i bakverk og i annan mat og sesamolje kan løyse ut sterke allergiske reaksjonar.

Sesamfrø og sesamolje
Av /shutterstock.

Sesamallergi er allergisk overfølsemd mot mat som kjem frå sesamplanta, Sesamum indicum. Sesamallergi er mindre vanleg i Nord-Europa, men er av dei vanlegaste matallergiane i nokre land i middelhavsområdet, som Israel. Immigrantar frå desse områda vil ha auka risiko for sesamallergi, men endra matvanar gjer at sesamallergi synest å bli vanlegare også i den generelle befolkninga.

Den langt vanlegaste forma for allergi mot sesamfrø og sesamolje er matallergi. I sjeldne tilfelle kan sesam også gje hudallergi. Sesamolje finst i somme kosmetiske produkt.

Både sesamfrø nytta i bakverk og i annan mat og sesamolje kan løyse ut sterke allergiske reaksjonar, som i verste fall kan vere livstruande. Alvorlege tilfelle av allergisk reaksjon må snarast råd bli behandla med adrenalininjeksjon (EpiPen eller tilsvarande), og pasienten skal ligge med beina heva.

Sesam er ei av dei 14 matvarene eller stoffa som EU på grunn av faren for allergi eller overfølsemd krev alltid skal vere deklarert på pakningen til matvarer, og som serveringsstader alltid skal ha tilgjengeleg informasjon om for maten dei serverer eller sel utan innpakning.

Symptom

Symptoma ved sesamallergi er som ved annan matallergi på grunn av IgE. Dei kan sette inn nesten øyeblikkeleg etter kontakt med maten, eller etter nokre minutt, men vanlegvis innan ein time. Mykje feitt i maten kan gjere at symptoma kjem litt seinare. Det startar ofte med kløe og opphovning i munn, lepper, svelg og ansikt og raud og hoven hud som klør. Andre symptom er magesmerter, oppkast, laus avføring, hoste, hesheit, astmasymptom og pustevanskar, rask eller langsam puls, blodtrykksfall og tap av bevisstheit.

Mekanisme

Mekanismen ved sesamallergi er den same som ved annan IgE-avhengig allergi. Denne typen allergi er ein overfølsomheitsreaksjon som blir kalla type I-reaksjon.

Diagnosen

Det viktigaste for å stille diagnosen er å få ei god sjukehistorie med observasjon av kva mat ein har reagert mot, når dette har skjedd, og å tenkje på ingrediensar som kanskje ikkje er så dominerande i maten. Allergitestar er berre eit supplement til sjukehistoria, og kan ikkje aleine danne grunnlag for diagnosen.

Allergitestar

Til støtte for å stille diagnosen nyttar ein ofte dei vanlege typene allergitestar, enten hudtest (prikktest) eller blodprøve med måling av antistoffet IgE i serum retta mot sesam. Det er viktig at det kan vere utslag på testane uten at den undersøkte personen har allergien, slik at diagnosen aldri må baserast berre på allergitestar. Samstundes er somme individ allergiske mot meir sjeldne allergen som ikkje blir fanga opp i testane, som då blir negative.

Ved allergi som ikkje er for sterk, kan ein prøve å tak vekk den mistenkte maten frå kosthaldet nokre veker, og så ta den i bruk på nytt. Dette blir kalla eliminasjon og reintroduksjon. Ein kan då sjå om ein vert betre utan den mistenkte maten, og verre igjen når ein ét den på nytt.

Gullstandarden i matallergidiagnostikken er såkalla dobbeltblinda placebo-kontrollert matprovokasjon (DBPCFC). Dette er ein svært ressurskrevjande og ikkje heilt risikofri metode.

Førekomst

Sesamallergi er mellom dei aller vanlegaste matallergiane i somme middelhavsland, men mindre vanleg i Nord-Europa. I Tyskland er det funne at mellom ein og to prosent av befolkninga var allergiske mot sesam, liknande førekomst eller lavare er funne i England og Frankrike. I Israel, der mat basert på sesamfrø er vanleg nytta som baby- og småbarnmat (halva og tehina) og i hummus, er sesamallergi den tredje vanlegaste matallergien og den nest vanlegaste årsaka til allergisjokk. I USA er sesamallergi funne å vere den niande vanlegaste matallergien.

Sesamallergi synest å vere vanlegast hos barn. I to undersøkingar var det berre om lag 20–35 prosent av barna som voks av seg sesamallergien.

Årsak

Den grunnleggande årsaka til sesamallergi er ukjent. For all IgE-allergi er det ein sterk arveleg faktor. I tillegg til arv, er utviklinga av matallergi avhengig av når og i kva mengde ein vert utsett for den aktuelle maten, og dessutan andre miljøfaktorar.

Sesamallergi synest oftast å vere primær, det vil seie at ein utviklar allergien direkte mot sesam, og ikkje på grunn av kryssreaksjon med annan mat.

Sesam-allergen og allergisk kryssreaksjon

Det er sju identifiserte allergene protein i sesamfrø. Dei har namna Ses i 1 til Ses i 7. Dei er same typene protein som ofte er allergen også i andre planter, og har stor likheit med tilsvarande protein i mellom anna paranøtt, valnøtt, solsikke og sennep. Både Ses i 1 og Ses i 2 er såkalla hovedallergen, som meir enn halvparten av personar med sesamallergi reagerer mot. Ses i 4 og Ses i 5 er dei viktigaste allergena i sesamolje.

Barn med sesamallergi har svært ofte også allergi mot peanøtt, hasselnøtt, valnøtt og mandel, og har i tillegg ofte andre allergiar. Kryssreaksjon som gir klinisk reaksjon er observert mellom sesam, peanøtt og trenøtter.

Allergendose

Allergisjokk er observert etter inntak av éin milliliter sesamolje, og mindre enn 30 milligram sesamfrø.

Koking og steiking

Allergenisiteten til sesam etter koking og steiking er lite studert, men det ser ut til at koking og steiking kan auke den allergiframkallande evna heller enn å redusere den. Hovedallergenet Ses i 1 er varmestabilt iallfall opptil 90 °C.

Skjult allergen

«Skjulte allergen» kallar vi det når allergen finst i rettar og produkt der matvara som allergenet kjem frå er usynleg, og ein ofte ikkje ville vente å finne den. Sesamfrø kan vere ein «usynleg» ingrediens i ein del ferdiglaga kjøttrettar, salatar, og orientalsk, kinesisk og søramerikansk mat. Sesamfrø kan også bli tilsett i deigen til bakverk, også somme brød.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg