hypersensitivitetsreaksjon

Artikkelstart

Hypersensitivitetsreaksjonar er betennelsesreaksjonar med vevsskade som oppstår fordi spesifikke immunmekanismar blir aktivert. Immunsystemet reagerer då sterkare og raskare enn hos individ der immunsystemet ikkje er blitt stimulert til å utvikle auka beredskap, det som blir kalla immunisering. Når eit individ gjennomgår ei immunisering får det auka mengde av visse antistoff eller immunceller, og evne til raskt å produsere meir antistoff eller immunceller spesifikt mot den mikroben eller det stoffet reaksjonen er retta mot.

I utgangspunktet er dette normale immunreaksjonar som er viktige for forsvaret mot infeksjonar og unormale molekyl og celler som oppstår i kroppen, spesielt kreftceller. Hypersensitivitesreaksjonane blir årsak til symptom, og årsak til sjukdom dersom dei er for sterke, varer for lenge eller er retta mot celler og molekyl ein normalt ikkje skulle reagere mot. Døme på det siste er autoimmunitet og allergi.

Klassifisering

Hypersensitivitetsreaksjonar frå immunsystemet vart for over 50 år sidan inndelt i fire typar av forskarane Coombs og Gell, den såkalla Coombs og Gell-klassifiseringa. Denne var basert på dei immunmekanismane ein den gong kjente. Etter at definisjonen vart lansert, har det skjedd ei enorm utvikling av kunnskapen om immunsystemet. Mange har reist spørsmålet om Coombs og Gell-klassifikasjonen framleis er gyldig og nyttig. Det er kome mange forslag til nye typar eller undertypar av reaksjonar etter Coombs og Gells skjema, eller alternative system for klassifisering. Den opprinnelege klassifiseringa er likevel framleis mest nytta, og spesielt ofte for Coombs og Gell Type I- og Type IV-reaksjonar. Fagfolk vil no likevel nemne mekanismen for ein reaksjon heller enn typenummer etter Coombs og Gells klassifisering, og særleg er nemningane Type II og Type III relativt lite nytta.

Når ein reaksjon først er starta med ein bestemt mekanisme, vil resultatet ofte bli ein betennelse som i forløpet også får innslag av andre typar reaksjonar enn den opphavelege mekanismen.

Type I reaksjon

Type I hypersensitivitetsreaksjon

Type I-reaksjonar i Coombs og Gells klassifisering er reaksjonar der antistoffklassen IgE er sentral i mekanismen, i hovedsak ved IgE-mediert allergi, men også ved immunforsvar mot parasittar. Mekanismen er frisetting av histamin og andre signalstoff stoff frå mastceller når allergen blir bunde til IgE på overflata av mastcellene.

Sjukdommar der Type I-reaksjon er den sentrale mekanismen er allergisk snue og pollenallergi, insektstikk-allergi, matallergi, allergisk astma, allergisk elveblest (urtikaria), og nokre former for medikamentallergi. Anafylaktisk reaksjon (allergisjokk) er ein type I-reaksjon.

Tidsperspektivet er oftast berre sekund eller minutt, og reaksjonen blir gjerne raskt borte (timar) med liten eller ingen varig skade på vevet der reaksjonen skjedde. Motsetnaden til Type I IgE-medierte reaksjonar er Type IV cellemedierte reaksjonar, også kalla forseinka hypersensitivitet (delayed hypersensitivity på engelsk).

Type II reaksjon

Type II reaksjonar i Coombs og Gells klassifisering er reaksjonar som er mediert av at antistoff av andre klassar enn IgE bind seg til overflata på mikrobar og celler, eller til ekstracellulær substans (matrix). Fordi reaksjonen er retta mot celler, blir Type II reaksjonar omtala som cytotoksiske (celleskadande) reaksjonar.

Motsetnaden til Type II-reaksjonar er Type III-reaksjonar, der antistoffa bind seg til molekyl i løsning og dannar frie immunkompleks.

Type II reaksjonar på grunn av at antistoff bind seg til mikrobar eller antigen på cellemembranen har to hovedmekanismar. Desse to er Fc-reseptormediert fagocytose og komplementaktivering.

Ein tredje, fysiologisk heilt annleis mekanisme som vi også omtalar under Type II-reaksjon er når antistoffbinding enten blokkerer eller stimulerer signaloverføring frå hormonreseptorar eller i synapser i nervesystemet. Dette skjer utan celleskade eller betennelsesreaksjon. Denne mekanismen var ikkje opphaveleg inkludert i Coombs og Gells system. Den blir stundom lagt til som ein ny Type V-reaksjon, slik ein kan sjå i enkelte lærebøker. Vi vel her å legge stimulerande og hemmande verknad av antistoffbinding til celler inn under Type II, slik mange leiande immunologar gjer.

Nokre døme på tilstandar med Type II reaksjon er revmatisk feber, Graves’ sjukdom, myasthenia gravis med fleir.

Type III reaksjon

Type III hypersensitivitetsreaksjonar etter Coombs og Gells klassifisering er reaksjonar på grunn av immunkompleks, som oppstår ved at antistoff bind seg til fritt, ikkje celle- eller matrix-bunde antigen.

Forskjellen mellom Type II-reaksjonar og Type III-reaksjonar er altså at ved Type II-reaksjonar er antigenet som antistoffa bind seg til bunde til celler eller ekstracellulær matrix, medan antigenet som antistoffa bind seg til ved Type III-reaksjonar er fritt og ikkje bunde til celler eller matrix.

Type III-reaksjonane skjer når det blir danna immunkompleks som ikkje blir fjerna av fagocyterande celler. Immunkompleksa blir danna mellom antistoffmolekyl av ulike IgG subklassar, IgM eller IgA og fritt, ikkje cellebunde antigen. Desse kompleksane beståande av antistoff og antigen følgjer blodstraumen og slår seg ned i åreveggen i de små blodårane i nyrene, i synovialhinnene i ledd, i brysthinna eller i hjarteposen. Her får kompleksa auka evne til å aktivere komplement som igjen aktiverar mastceller. Det oppstår derfor ein immunkompleks-indusert betennelsesreaksjon, som kan utvikle seg til ein immunkomplekssjukdom med betennelse i ulike organ. Vaskulitt (blodårebetennelse), glomerulonefritt (nyrebetennelse) og artritt (leddbetennelse) typiske resultat av Type III-reaksjonar.

Ulike immunkomplekssjukdommar kan vere dominerte av ein bestemt antistoffklasse eller subklasse (isotype). Antigenet kan vere frå kroppen sjølv ved autoimmunitet, frå mikrobar ved infeksjonar, inhalerte stoff eller stoff injisert i kroppen for å behandle ein eller anna tilstand. Nokre døme på sjukdommar med Type III-reaksjonar er reaktiv artritt, SLE, allergisk alveolitt med fleir. Tida mellom eksponering for antigenet og start av symptoma og tempoet i sjukdomsutviklinga vil variere mye for dei ulike sjukdomstilstandane, og avheng også av immuntilstanden ved eksponeringa.

Type IV reaksjon

Type IV-reaksjonar er reaksjonar der lymfocyttar, spesielt T-lymfocyttar, spelar ei dominerande rolle. Nemninga Type IV-reaksjon blir ofte brukt med same meining som 'cellemediert reaksjon'.

Type IV-reaksjonar brukar ett til to døgn på å utvikle seg, og blir derfor kalla forseinka hypsersensitivitetsreaksjonar (på engelsk delayed type hypersensitivity, DTH).

Type IV-reaksjonane er ofte autoimmune, kontaktallergiske eller retta mot mikrobeantigen. Type IV reaksjonane er ofte kroniske fordi dei er retta mot substansar som ikkje blir vekk frå vevet fordi dei er lite nedbrytbare, eller heile tida blir danna på nytt av mikrobar og celler.

Behandlinga av Type IV hypersensitivitet består i å unngå antigenet når det er råd (kontaktallergi), og å dempe T-cellereaksjonen med antiinflammatoriske medikament som kortikosteroidar. Nyare behandling som ofte kan verke svært bra er såkalla biologiske medikament, monoklonale antistoff som enten nøytraliserer signalstoff som TNF, blokkerer reseptorane til signalstoffa, eller er retta mot regulatormolekyl på celleoverflata. Antistoff som fjernar T- eller B-lymfocyttar kan og bli nytta i visse tilfelle.

Type IV reaksjonen blir nytta diagnostisk ved fleire tilstandar. Nokre døme på slike diagnostiske testar er lappetest for kontaktallergi, tuberkulintesten (Pirquet-test) og Mantoux-testen.

Type V reaksjon

Antistoffmediert blokkering eller unormal stimulering av signaloverføring frå hormon eller nerveceller blir av nokre kjelder klassifisert som ein ny type, Type V, som blir lagt til dei opprinnelege fire typane i Coombs og Gells klassifisering av hypersensitivitetsreaksjonar. Andre tonegjevande kjelder inkluderer denne typen reaksjonar under Coombs og Gells Type II-reaksjonar.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg