Iver Horrem

Faktaboks

Iver Horrem
Født
1. januar 1977, Aukra
Iver Horrem under en sandvolleyballturnering i Kristiansand i 2007.
Iver Horrem av /NTB Scanpix. Gjengitt med tillatelse

Iver Andreas Horrem er ein norsk tidlegare volleyballspelar frå Aukra i Møre og Romsdal. Han spelte volleyball både innandørs og utandørs, men satsa først og fremst på sandvolleyball frå 2000 til 2016. Horrem deltok i OL i Athen i 2004.

Horrem vart etter OL i 2000 makker med Bjørn Maaseide, då sistnemnde sin faste makker Jan Kvalheim avslutta karrieren. Saman oppnådde den nye duoen fire femteplassar i verdsserien som beste resultat. Dei vart nummer fem i EM i 2004, og dei kvalifiserte seg same året til OL i Athen. Der enda nordmennene på 19. plass.

Då Maaseide la opp etter OL, måtte Horrem finne seg ny makker. Han spelte først to år i lag med Bård Inge Pettersen, før han fekk Maaseide med på ny toårssatsing. Deretter vart det to år saman med Øivind Hordvik. Frå 2012 gjorde Horrem saman med Geir Eithun eit siste forsøk på å kvalifisere seg til OL i 2016. Duoen tok fleire topp ti-plasseringar i verdsserien og kom til kvartfinale i EM. Horrem la opp etter at OL-plassen glapp i ei avgjerande kvalifiseringsturnering i Stavanger.

Horrem deltok i løpet av karrieren i totalt 183 turneringar i verdsserien i sandvolleyball. Han spelte i seks verdsmeisterskap, 13 europameisterskap og eitt OL.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg