Volleyball-turnering for unge
Norges Volleyballforbund står bak ei rekkje arrangement, mellom anna aldersbestemte noregsmeisterskap for klassane U15, U17 og U19.
Volleyball-turnering for unge
Oslo Volley
Oda Ulveseth og Ingrid Lunde frå Oslo Volley feirar NM-gull og kongepokal i 2017, etter siger i finalen mot Randaberg.
Av /NTB Scanpix.

Norges Volleyballforbund (NVBF) er særforbundet for volleyball. Volleyballforbundet vart stifta 11. august 1946 og er medlem av Det internasjonale volleyballforbundet (FIVB) og Norges idrettsforbund (NIF).

Fakta

Historie

Det første landslaget for kvinner i 1953
Damene på det første landslaget frå Norges Volleyballforbund i 1953. Frå venstre: Randi Hoff, Jutul, Synnøve Pedersen, Varg, Liv Nyrud, Jutul, Bjørg Andersen, Jutul, Haldis Hansen, Varg og Jenny Hansen, Varg. Framme Reidun Guldal, Varg.
Det første landslaget for kvinner i 1953
Av .
Det første landslaget for herrar i 1953
Spelarane som utgjorde det første herrelaget frå Noreg i 1953. Frå venstre: John Kittilsen, Solum, Arthur Støylen, Gjøvdal, Sigvard Støylen, Gjøvdal, Olav Åsheim, Vardild, Arvid Stoltenberg, Porsgrunn og Vidar Olsen, Porsgrunn. Framme leiar og formann i forbundet, Rolf Eker frå Varg.
Det første landslaget for herrar i 1953
Av .

Volleyball vart under namnet nettball innført i Norge i 1936 av Arbeidernes Idrettsforbund, og var opphavleg tenkt som kvinneidrett. Begge kjønn var derimot representerte, då stiftingsmøtet i volleyballforbundet vart halde 11. august 1946. Det var samla 29 representantar i kontorlokala til idrettsforbundet i Torggata 2 i Oslo; 20 frå klubbane, fire frå krinsane og fem frå nettballutvalet. Mandatane diskuterte om dei skulle kalle seg eit nettballforbund eller eit volleyballforbund, men dei vedtok det siste.

I åra fram mot 1955 gjekk talet medlemsklubbar litt ned, men deretter opplevde forbundet ein jamn auke i oppslutning. Medlemsklubbane hadde vore fleiridrettslag eller reine volleyballklubbar, men i 1956 kom skule- og studentidrettslaga med i forbundet. I 1962 følgde 4H-klubbane etter, og i 1965 kom KFUM-klubbane. Volleyballseriar vart organiserte på skular frå tidleg i 1950-åra, og volleyball fekk først fotfeste som skuleidrett i Ålesund, Stavanger og Oslo.

Sidan stiftingsåret har volleyballforbundet stått bak det årlege noregsmeisterskapet, med Idrettslaget Dristug som vinnar av dei første NM-finalane i 1946 for både kvinner og menn. Fram til og med 1969 vart NM-finalane spelte utandørs. Vinnarlaga får tildelt kongepokalen i volleyball.

Landsdekkande seriespel kom i gang etter at forbundstinget i 1967 vedtok å opprette ein landsserie for herrar med åtte lag. I sesongen 1967-68 vart serien spelt med NTHI som første seriemeister. Eit par år seinare kom forbundet i gang også med seriespel for kvinner, og frå 1969 vart det arrangert hovudseriar. Forbundet har sidan 1991 stått som arrangør av eliteserie for kvinner og menn, og det er dessutan lågare divisjonar ned til femtedivisjon i delar av landet. Det er aldersbestemte noregsmeisterskap for klassane U15, U17 og U19, i tillegg til NM for regionlag og vidaregåande skular.

Volleyballforbundet deltok for første gong med landslag utanfor landets grenser då eit dame- og herrelag var med i ei internasjonal turnering i Romania i august 1953. Per 2021 står Jorunn Grødum Holtungen og Svein Arild Jakobsen med flest landskampar. Dei har spelt høvesvis 130 og 134 kampar for Noreg.

På 1980-talet gjorde sandvolleyball sitt inntog i Noreg, og sidan 1993 har forbundet arrangert NM i sandvolleyball. Det er også i sandvolleyball at volleyballforbundet kan skilte med dei beste internasjonale resultata. Dei fremste utøvarane har vore Jan Kvalheim/Bjørn Maaseide (EM-gull 1994 og vinnarar av verdsserien sesongen 1994/1995) og Anders Mol/Christian Sørum (OL-gull i 2021, VM-gull i 2022 og EM-gull i 2018, 2019, 2020 og 2021).

Volleyballforbundet fekk sin første tilsette i 1971. Sidan den gongen har talet auka, og i 2021 var det 17 tilsette personar i administrasjonen til Norges Volleyballforbund.

Leiing

President Periode
Rolf Eker 1946–1958
Tor Breen 1958–1965
Bjørn Heiberg 1965–1970
Ingen president 1970–1971
John Framnes 1971–1986
Ola Ree 1986–1990
Harald Bjørgen 1990–1994
Jim Nerdal 1994–1996
Ole Kristian Sørlie 1996–1998
Roar Sundbø 1998–2002
Edgar Broks 2002–2009
Ståle Emil Johansen 2009–2012
Stein-Gunnar Bondevik 2012–2016
Eirik Sørdahl 2016–
Generalsekretær Periode
Knut Aga 1971–1975
Kjell Vigestad 1975–1976
Børre Torsvik 1977–1981
Svein G. Rørvik 1982–1986
Odd Roar Thorsen 1986–1988
Terje P. Stilen 1988–1992
Snorre Burmo 1992–1998
Arne-Morten Knutsen 1999–2008
Eva Lio 2009–2012
Kristian Gjerstadberget 2012–2023
Guro Røen 2023–

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kolbjørn Rafoss: Å spille ballen tilbake – volleyballens historie i Norge (1998)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg