Artikkelstart
Digital mobbing er definert som ei aggressiv handling eller åtferd utøvd ved bruk av elektroniske hjelpemiddel av ei gruppe eller ein person – gjentatt over tid – mot eit offer som ikkje kan forsvare seg [1].
Slik er digital mobbing ei form for systematisk misbruk av makt utøvd gjennom bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).
Dette er ei utviding av definisjonen av tradisjonell mobbing som vert sett som handling gjort med hensikt for å skade ein annan person som har vanskeleg for å forsvare seg. Mobbing vert gjentatt over tid og er karakterisert av ulikt styrkeforhold mellom mobbaren eller mobbarane og offeret.
Digital mobbing er eit relativt nytt fenomen som særleg dei siste 15 åra har fått auka fokus ettersom ulike tekniske hjelpemiddel har gitt nye former av mobbing. Særleg har smarttelefonane gitt heilt nye muligheiter for å utøve mobbing. Sjølv om forskinga på feltet er aukande, må ein sjå digital mobbing som eit fagområde som framleis er i utvikling.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.