Faktaboks

Erling Roland
Fødd
20. januar 1949

Erling Roland er ein norsk pedagog, professor i pedagogisk psykologi ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (Læringsmiljøsenteret), Universitetet i Stavanger.

Saman med Dan Olweus starta han eit pionerarbeid mot mobbing tidleg på 1980-talet. I 1989 grunnla han Senter for atferdsforskning (SAF), som han bygde opp og leia i 18 år. SAF gjekk i 2012 inn i det som i dag er Læringsmiljøsenteret.

Han har vore sentral i utviklinga av anti-mobbeprogrammet ZERO og i RESPEKT – eit program for å førebygge og redusere problemåtferd og styrke læringsmiljøet. Han har gitt ut ei rekkje bøker og vitskaplege artiklar. Bøkene Elevkollektivet, først utgitt i 1995, og Mobbingens psykologi, først utgitt i 2007, er mellom dei mest sentrale publikasjonane hans retta mot praksisfeltet.

Roland har fått fleire prisar og utmerkingar for arbeidet mot mobbing. I 2001 vart Roland saman med Thormod Idsøe tildelt Lyses Forskingspris for sitt banebrytande arbeid om samanhengen mellom mobbing og aggresjon. I 2004 fekk han Stavanger Forums Formidlingspris, og i 2009 Aftenbladets Statuett.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg