Manifest mot mobbing er eit forpliktande samarbeid som skal styrke det lokale arbeidet for eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Manifesta er underskrivne av representantar for regjeringa, KS, Utdanningsforbundet og Foreldreutvalget for grunnskolen. Det første Manifest mot mobbing vart underskrive av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik med fleire i 2002 og gjaldt fram til 2004. Seinare har det komme ei serie manifest og tiltaksplanar for å forebygge, avdekke og stoppe mobbing mellom barn og unge.

Då det siste manifest mot mobbing gjekk ut ved nyttår 2015, vart det erstatta med eit nytt Partnerskap mot mobbing for perioden 2016–2021. I 2021 vart partnerskapet fornya for perioden 2021-2022. Partnarane i det nye partnarskapet er Regjeringa, Sametinget, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalget for grunnopplæringen, Foreldreutvalget for barnehagen, Fagforbundet, KS, Skolenes landsforbund, Landsgruppen av helsesykepleiere, Skolelederforbundet, Elevorganisasjonen, Norsk Lektorlag, Private Barnehagers Landsforbund, Friskolene Kontaktforum, og Frivillighet Norge.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg