Læringsmiljø er faglege, fysiske og psykososiale forhold som har innverknad på læring. Eit godt læringsmiljø er ein føresetnad for at elevar og studentar skal lære og utvikle seg både fagleg og sosialt.

Lovfesta rett

Retten til eit godt psykososialt læringsmiljø er nedfelt i Opplæringslova §9a. Ei hovudoppgåve for skulen er å skape gode læringsmiljø prega av respekt, tryggleik og trivsel.

Ofte vert denne lovheimelen knytt til arbeidet mot mobbing, men retten som er nedfelt i lova, gjeld læringsmiljøet generelt. Elevar som ikkje trivst, ikkje er trygge og ikkje opplever respekt på skulen, vil ikkje utnytte potensialet dei har for å lære.

Viktige faktorar

Relasjonen mellom læraren og elevane i ei klasse er avgjerande for læring og trivsel. Relasjonane mellom elevane er også sentrale for læringsmiljøet. Eit læringsmiljø der elevane støttar kvarandre og er motiverte, vil fremme læring. Her er læraren si utøving av klasseleiing sentralt. Kva normer og verdiar som vert sett på som viktige i klassa, har læraren stor innverknad på, likeeins kva åtferd elevane vil vise.

Utvikling av gode læringsmiljø vert støtta av eit godt samarbeid mellom foreldre/føresette og skulen. Skulekulturen og samarbeidet mellom skuleleiinga og lærarane er òg sentralt for utvikling av gode læringsmiljø.

Læringsmiljø er altså ikkje berre knytt til den einskilde eleven eller forholdet mellom ein elev og læraren. Sentralt i eit godt læringsmiljø er klassen som sosialt system.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Roland, E. (1995) Elevkollektivet. Stavanger: Rebell forlag.
  • Midthassel, U.V., Bru, E., Ertesvåg, S.K., Roland, E. (Red.) (2011) Tidlig intervensjon og systemrettet arbeid for et godt læringsmiljø. Oslo: Universitetsforlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg