Sosiale ferdigheiter er lært sosial åtferd som gjer det mogleg for ein person å samhandle positivt med andre. Dette handlar om å aktivt dekke eigne sosiale behov og nå eigne mål, utan at dette går utover andre.

Kompetanseområder

I barnehage- og skulesamanheng kan det vere tenleg å gruppere dei sosiale ferdigheitene i kompetanseområda som Gresham, Elliott og kollegaene har vist til (Gresham, F.N., Elliott, S.N. & Kettler, R.J., 2010):

Empati

Empati er evna til å leve seg inn i andre sin situasjon. Sosial sensitivitet og evne til å ta andre sitt perspektiv er sentralt. Det handlar om å sjå situasjonen frå den andre si side, vise omtanke for andre sine kjensler og synspunkt. Empati er viktig for å kunne etablerer nære relasjonar og kan vere ei motvekt mot mobbing og vald. Empati er både ein stabil eigenskap og situasjonsbestemt. Difor kan empati utviklast og endrast.

Samarbeid

Samarbeid omfattar mellom anna å kunne nytte tida fornuftig medan ein ventar på tur, dele med andre, hjelpe andre, fylgje reglar og beskjedar, i tillegg til å kunne skifte aktivitet utan å protestere. Det omfattar å samarbeide med jamaldringar og med vaksne. Ein øver på samarbeid i reelle samarbeidssituasjonar og når samarbeid aktivt vert verdsett.

Kommunikasjon

Kommunikasjon omhandlar verbal og non-verbal interaksjon med andre som å kunne ta tur i samtale med andre, halde augekontakt med den ein kommuniserer med og å vere høfleg.

Sjølvhevding

Sjølvhevding er å kunne be om hjelp og informasjon, å presentere seg og å reagere, positivt eller negativt, på andre sine handlingar. Vidare handlar det om å kunne markere seg sosialt, mellom anna ved å uttykkje eigne meiningar og standpunkt, og kunne seie nei til det ein helst ikkje bør vere med på. Evna til tenleg sjølvhevding er ofte avgjerande for å kunne delta aktivt i sosiale fellesskap. Det handlar om å uttrykkje uavhengigheit og autonomi, i tillegg til å ta sosial kontakt og initiativ.

Engasjement

Engasjement handlar om å kunne invitere andre til å deltak i aktivitetar og generelt samhandle positivt med jamaldringar på ein måte som fremmar vidare samhandling.

Sjølvkontroll

Sjølvkontroll regulerer forholdet mellom åtferd og kjensler og nokon omtalar dette området som impulskontroll. Det handlar om evna til å tilpasse seg fellesskapet og ta omsyn til andre. Når ein opplever frustrasjon og motgang, eller når det oppstår usemje eller konfliktar, kjem evna til sjølvkontroll tydeleg fram i måten ein reagerer på erting og kommentarar på, utan å verte sint og ta igjen. Ein må kunne utsette behov, til dømes vente på tur, og kunne vise glede og sinne på måtar som passar i den aktuelle situasjonen.

Ansvar

Ansvar handlar om å vise respekt for eigne og andre sine eigedelar og arbeid, i tillegg til å kunne utføre oppgåver. Ein utviklar ansvar gjennom delta i avgjersler og å måtte ta konsekvensar av dei val ein gjer. Ein føresetnad for ansvar er difor tillit. Ansvar handlar om å kommunisere med vaksne. Det er viktig å merke seg at i ein barnehage der barn og unge er omgitt av reglar og kontroll over alt, har dei få muligheiter for å utvikle ansvar.

Sosial kompetanse

Sosiale ferdigheiter vert ofte knytt til sosial kompetanse. Dei to omgrepa er ikkje identiske, men nært knytt saman. Medan sosiale ferdigheiter viser til spesifikk åtferd, er sosial kompetanse er knytt til ei evaluering i høve til kor vidt tenlege sosiale dugleikar er vist eller utført i ei gitt situasjon. Såleis er sosial kompetanse eit meir overordna omgrep. Forbetring av sosiale ferdigheiter, gjennom trening og øving, er eit vanleg tiltak for å auke sosial kompetanse.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ertesvåg, S.K. (2003) Trening av sosial kompetanse hjå skuleelevar: Tiltak for alle elevar eller elevar med manel på slik kompetanse? Norsk pedagogisk tidsskrift, 5-6, 282-293.
  • Gresham, F. M., & Elliott, S. N. (2008). Social Skills Improvement System—Rating Scales manual. Minneapolis, MN: Pearson Assessments.
  • Gresham, F.N., Elliott, S.N. & Kettler, R.J. (2010) Base Rates of Social Skills Acquisition/Performance Deficits, Strengths, and Problem Behaviors: An Analysis of the Social Skills Improvement System—Rating Scales. Psychological Assessment.22,4, 809-815.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg