Artikkelstart
Engsoleie er ei fleirårig urt i soleieslekta i soleiefamilien med gule blomar som blømer frå juni til september. Engsoleie er svært vanleg i Noreg.
Faktaboks
- Også kjent som
- smørblomst bakkesoleie
- Vitenskapelig navn
- Ranunculus acris
Engsoleie er ei fleirårig urt i soleieslekta i soleiefamilien med gule blomar som blømer frå juni til september. Engsoleie er svært vanleg i Noreg.
Engsoleie er ei 5–75 centimeter høg plante med trevlerot og blad som er handdelte. Planta har glinsande gule honningblad, og dei mange frie fruktblada modnar til smånøtter.
Engsoleie er eit av dei vanlegaste ugrasa i beite og i eldre eng over heile landet. Planta er giftig i rå tilstand, særskild for storfe, men ikkje etter tørking.
Nivå | Norsk namn | Vitskapeleg namn |
---|---|---|
Art | Engsoleie | Ranunculus acris |
Slekt | Soleieslekta | Ranunculus |
Familie | Soleiefamilien | Ranunculaceae |
Orden | Soleieordenen | Ranunculales |
Klasse | Tofrøblada planter | Dicotyledoneae |
Rekke | Dekkfrøa planter | Angiospermae |
Rike | Planteriket | Planta |
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.