soleieslekta

Engsoleie, plansje
av . Falt i det fri (Public domain)

Er ei planteslekt i soleiefamilien beståande av urter. Slekta inneheld omlag 600 artar, som finnes over heile kloda. I Noreg er fleire artar representert. Av desse finn me vidt utbreidde artar som engsoleie og krypsoleie og artar som er lista som nær trua på Artsdatabanken si raudliste, som issoleie og snøsoleie. Arten kjempesoleie er lista som sterkt trua i raudlista.

Faktaboks

Også kjent som
ranunkel
Ranunculus

Skildring

Urtene i soleieslekta har ofte handlappa blad og gule eller kvite blomar beståande av beger- og kronblad. Eit av dei viktigaste kjenneteikna ved slekta eir ei honninggrop ved grunnen av kronblada.

Utbreiing

Soleieslekta består av omlag 600 artar. Desse finnes utbredd over heile kloda, og finnes frå låglandet til alpine områder. Fleire av artane finnes i Noreg, mellom anna engsoleie, krypsoleie, dei nær trua issoleie og snøsoleie samt den strekt trua kjempesoleie.

Dyrking og bruk

Fleire av artane i slekta vert dyrka som prydplanter, mellom anna ranunkel (R. asiaticus).

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Slekt Soleieslekta Ranunculus
Familie Soleiefamilien Ranunculaceae
Orden Soleieordenen Ranunculales
Klasse Tofrøblada planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøa planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg