Janitsjar
Sultan Murat 4 med janitsjarar.
Av .
Mustafa Kemal som janitsjar
Den seinare tyrkiske presidenten Mustafa Kemal fotografert i janitsjardrakt i 1913.

Janitsjar var namnet på ein soldat i ein ny garde, etter kvart hær og eliteinfanterikorps, i Det osmanske riket. Janitsjarane vart danna i tidleg osmansk tid på 1300-talet for å forsvare sultanen og hans styre, og fanst fram til janitsjarmassakren i 1826. Janitsjarane var først væpna med bogar, seinare med eldvåpen og sablar. Dei spelte musikk og song, og dette blei til inspirasjon i Europa der det blei danna janitsjarkorps.

Faktaboks

Etymologi
frå tyrkisk yeniçeri, ‘nysoldat’.
Også kjend som

engelsk janissary

Etter tyrkiske kjelder vart korpset oppsett for første gong av Orhan gazi, og som fast avdeling eksisterte det frå 1362 (sultan Murad 1). Fram til midten av 1600-talet vart soldatane rekrutterte gjennom devsjirme-systemet. Janitsjarane var altså slavar, som i ung alder var blitt henta inn som ein slags skatt blant ikkje-muslimske familiar, omvende til islam, og utvalde til å fullføre ei utdanning til det dei verka best skikka til. Medlemmane av janitsjarhæren tilhøyrde bektasji-ordenen, ein religiøs brorskap.

I 1512 var janitsjarane blitt ein så sterk maktfaktor at dei kunne tvinge den omdiskuterte sultan Bayezit 2 frå trona til fordel for arvtakaren sultan Selim, som raskt vart kjend som «den fælslege». Denne makta til å avsetje og innsetje sultanar var sidan ein viktig funksjon for janitsjarhæren.

Under Süleyman 2 (1520–1566) utgjorde janitsjarane kjernen i den tyrkiske hæren og var det beste infanteriet i Europa. I blomstringstida telte korpset ca. 40 000 mann. Da Süleymans etterfølgjarar slutta å føre troppane sine i felten, gjekk janitsjarane over til å bli reine gardeavdelingar.

Utpå 1600-talet slutta devsjirmesystemet å fungere, og frå midten av 1600-talet var janitsjarhæren blitt ein sjølvrekrutterande klasse ved at dei fekk økonomisk støtte frå kjøpmenn i byane og rekrutterte nye soldatar blant sine eigne born.

Mot slutten av 1700-talet gjorde fleire nederlag mot Russland sultanen overtydd om at Det osmanske riket trong ein ny hær. Sultan Selim 3, som kom på trona i 1789, sette i gang med reformer for å byggje opp ein hær etter vestleg mønster, men initiativet vart stogga i 1807 då janitsjarane fekk støtte av dei konservative lærde til å avsetje sultanen.

Eit nytt framstøt kom i 1826, under sultan Mahmut 2. Ettersom han ikkje ville gå på same smellen som den reformvenlege sultan Selim 3, såg han først til å bli av med janitsjarane. Etter ein fordømmande fatwa frå den islamske leiaren, şeyhülislam, forbaud sultanen bektasjibrorskapen og gjennomførte ein massakre på janitsjarar og bektasjileiarar, slik at han nokså uforstyrra kunne byggje opp ein ny og effektiv hær frå grunnen av.

Janitsjarmassakren i 1826 skaka om makttilhøva i Det osmanske riket og la grunnlaget for Tanzimat-reformene under dei neste sultanane. Ettersom den nye hæren bestod av tyrkiske rekruttar, vert janitsjarmassakren og omorganiseringa også rekna som det første steget i transformasjonen av Det osmanske riket til ein tyrkisk nasjonalstat.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg