Saladin
Saladin
Saladin
Av .

Zengidane var eit tyrkisk dynasti som styrte det nordlege Irak og Syria på 1100-talet og starta motstanden mot korsfararrika. Saladin kom frå dette dynastiet.

Zengid-dynastiet tok makta i det seljuq-styrte Mosul i 1127. Den meste kjente sultanen frå familien var Nur al-Din Zengi, som vart herre over Aleppo i 1147 og kort etter erobra korsfararbyen Edessa (nå i Tyrkia). Sju år seinare tok han også Damaskus og hadde dermed kontroll over heile Syria bortsett frå kyststripa. Nur al-Din var den første islamske herskaren som kalte til jihad mot dei kristne inntrengarane og samla religiøs-politisk støtte rundt styret sitt på dette grunnlaget.

Generalen hans, Shirkuh, erobra Egypt frå det svekka fatimide-kalifatet og la det kortvarig under Nur al-Dins styre. Men sultanen døydde brått i 1174, og med han forsvann dynastiet kort tid etter. Det var Shirkuhs nevø Slah al-Din al-Ayyubi (Saladin) som tok opp arven, og jihaden mot korsfararane, i sitt eige namn og grunnla ayyubide-dynastiet i Egypt og Syria.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg