Vendla

Artikkelstart

Vendla er eit kvinnenamn som er samantrekt form av Vendela som er ei a-utviding av kvinnenamnet Vendel med opphav i namnet på ein germansk folkestamme (vandal).

Namnet har fleire variantar: Vendla, Wendla, Vendela.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var ein innvandrar frå Sverige: «husholderske» Vendla Anderson fødd 1851, busett i Kristiania i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Vendla som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg