Torild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þór-hildr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘strid’.
Torild
Kjende personar med namnet Torild
Eit utval personar med namnet Torild, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Torild Skard (1936)
- Torild Wardenær (1951)
- Torild Skogsholm (1959)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 768 kvinner i Noreg som hadde Torild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Det samansette nordiske kvinnenamnet Torhild – og variantar av dette namnet – har ein spesiell kurveprofil. På grunn av songen om Toril som Otto Nielsen skreiv på slutten av krigen, vart Toril populært. I perioden 1945–1954 låg dette namnet som nummer 3 på ranglista. Også den opphavlege forma Torhild og variantane Torill og Torild var mykje brukte i denne perioden. Mest vanleg var Torill (1,0 prosent). Totalt var det 2,4 prosent av jentene fødde i denne perioden som heitte Torhild, Toril, Torill eller Torild. Da var det berre Anne (nummer 1) og Inger (nummer 2) som var meir brukte.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.