Toril er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þór-hildr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘strid’.Namnet har fleire variantar: Thorhild, Thoril, Thorild, Thorill, Torhild, Torhill, Toril, Torild, Torill.Namnedag er 16. juni. Tiril og Torhild har også namnedag denne dagen.Personar med namnet TorilKulturell brukSongen om Toril vart skriven av Otto Nielsen under fangeopphaldet på Grini under krigen. Denne songen vart ein stor radiosuksess etter krigen.Kjende personar med namnet TorilEit utval personar med namnet Toril, og som er omtalt i Store norske leksikon:Toril Gording Havrevold (1935)Toril Bjorg (1944)Toril Brekke (1949)Toril Moi (1953)Toril Førland (1954)Toril Carlsen (1958)Toril Marie Øie (1960)Toril Hoch-Nielsen (1966)Toril Johannessen (1978)Namnestatistikk I 2022 var det 3 983 kvinner i Noreg som hadde Toril som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.Utvikling i bruk av namnetDet samansette nordiske kvinnenamnet Torhild – og variantar av dette namnet – har ein spesiell kurveprofil. På grunn av songen om Toril som Otto Nielsen skreiv på slutten av krigen, vart Toril populært. I perioden 1945–1954 låg dette namnet som nummer 3 på ranglista. Også den opphavlege forma Torhild og variantane Torill og Torild var mykje brukte i denne perioden. Mest vanleg var Torill (1,0 prosent). Totalt var det 2,4 prosent av jentene fødde i denne perioden som heitte Torhild, Toril, Torill eller Torild. Da var det berre Anne (nummer 1) og Inger (nummer 2) som var meir brukte.Les meir i Store norske leksikonkvinnenamnførenamn, mellomnamn, etternamnpersonnamnOm namneartiklane på snl.noLitteraturAlhaug, Gulbrand 2005: [Toril] – a name that spelled freedom in 1945. I: Kevin McCafferty, Tove Bull & Kristin Killie (red.): [Contexts – Historical, Social, Linguistic: Studies in Celebration of Toril Swan]. Bern.