Tomine er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Tomas.

Namnet har fleire variantar: Thomine, Tomine.

Namnedag er 12. november. Torkil og Torkjell har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 399 kvinner i Noreg som hadde Tomine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 103 jenter som fekk namnet Tomine.

Utvikling i bruk av namnet

På 1800-talet fungerte namn på -ine som oppkallingsnamn etter mannlege slektningar, til dømes Oline etter Ole og Tomine etter Tomas. Slike namn var svært populære midt på 1800-talet. Denne oppkallingsskikken gjekk sterkt tilbake på 1900-talet, og når nokre få av dei mange namna på -ine frå 1800-talet har vorte populære att rundt år 2000, kan ikkje dette sjåast på som ei oppatt-taking av den gamle skikken med oppkalling etter mannlege slektningar. Det kan til dømes vere tale om oppkalling etter kvinnelige slektningar.

Utvikling i bruk av namnet Tomine frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Tomine frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tomine på 1800-talet.

Tomine var mest brukt i Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tomine på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Tomine var mest brukt i Vest-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thomine.)

Historisk bruk av namnet Tomine
Historisk bruk av namnet Tomine
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg