Tine Sundtoft

Faktaboks

Tine Sundtoft

Kristine Sundtoft

Født
19. april 1967, Lillesand, Aust-Agder
Tine Sundtoft i 2015.
Av /NTB.

Artikkelstart

Tine Sundtoft er siviløkonom, tidlegare fylkesrådmann i Vest-Agder og tidlegare klima- og miljøminister i regjeringa Solberg i 2013–2015.

Bakgrunn

Kristine (Tine) Sundtoft er fødd i Lillesand i Aust-Agder (no Agder). Ho gjekk på Møglestu videregående skole i 1982–1985 og blei siviløkonom etter å ha studert økonomi og leiing ved Handelshøyskolen BI i Oslo i 1986–1990. Frå 1995 til 2005 var ho tilsett som regiondirektør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) i Agder.

Politisk karriere

Ho har brei erfaring og kunnskap om norsk næringsliv og offentleg forvaltning, og frå partipolitikk både lokalt, regionalt og nasjonalt. Sundtoft var kommunestyrerepresentant i Lillesand for Høgre i 1987–1991, medlem og gruppeleiar for partiet i fylkestinget i Aust-Agder i 1991–1995. I 1990–1992 var ho generalsekretær i Unge Høgre. Sundtoft var politisk rådgivar for stortingsgruppa til Høgre fram til 1995 og var vararepresentant til Stortinget for Høgre frå Aust-Agder i 1989–1993.

I 2005–2013 var ho fylkesrådmann i Vest-Agder fylkeskommune og vart då den første kvinnelege fylkesrådmannen i fylket. Frå 2013 til desember 2015 var ho klima- og miljøvernminister i regjeringa Solberg. Som klima- og miljøvernminister ville Sundtoft ha eit generasjonsperspektiv på politikken og føre vidare klimaforliket som Stortinget vedtok i 2012.

Andre verv og utmerkingar

Sundtoft var medlem av styringsgruppa for NODE (Norwegian Offshore & Drilling Engineering), ei næringsklynge for teknologibedrifter, fram til ho blei statsråd. Ho fekk Agderrådets likestillingspris i 2009, mellom anna for arbeidet med leiarutviklingsprogrammet Female Future, og blei kåra til årets kvinnelege leiar på Sørlandet i 2013.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg