Terje Tvedt

Faktaboks

Terje Tvedt
Født
24. august 1951, Stavanger, Rogaland

Terje Tvedt. Tvedt er historikar, forfattar, filmskapar og samfunnsdebattant. Han har mellom anna forska og skrive om den rolla ferskvatnet har spela for samfunnsforming, utvikling og konfliktar, og om norsk utanrikspolitikk og Noreg sitt sjølvbilete i verda.

Av /Dreyers forlag.

Artikkelstart

Terje Tvedt er ein norsk historikar, forfattar, filmskapar og samfunnsdebattant. Han er ein skarp kritikar av norsk utanrikspolitikk og utfordrar biletet av Noreg som fredsnasjon og leiande forsvarar av menneskerettane.

Terje Tvedt er professor ved institutt for geografi ved Universitetet i Bergen og professor II ved institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo.

Eit sentralt område i den historiske forskinga til Tvedt er den rolla ferskvatnet har spela for samfunnsforming, utvikling og konfliktar. Han tok hovudfagseksamen i historie ved Universitetet i Bergen i 1984 på ei oppgåve om kanalprosjektet i Jonglei i Sør-Sudan, og har seinare skrive fleire bøker om Nildalens historie. Tvedt var òg redaktør for nibindsverket A History of Water.

Tvedt har eit vidt perspektiv i både rom og tid, er ein flink formidlar og bruker fleire medium. I 2008 fekk han utmerkinga Gullruten for TV2-dokumentaren «En reise i vannets fremtid».

Eit anna hovudtema hos Tvedt er Noreg sitt sjølvbilete i verda. Han tok doktorgraden i 1993 på ei avhandling om norske oppfatningar om den ikkje-europeiske verda i 1970- og 1980-åra. Tvedt har kritisert det han kallar det norske «godhetsregimet» av statlege og frivillige hjelpeorganisasjonar, støtta av politikarar, forskarar og media. Etter Tvedts meining legg desse aktørane for sterk vekt på moralsk sinnelag, og dei stengjer dermed for ein kritisk debatt om hjelpa faktisk gjer nytte. Som følgje av dette synet har han mellom anna gått hardt ut mot dei årlege TV-aksjonaneNRK.

I 2017 utvikla og spissa han desse tankane i boka Det internasjonale gjennombruddet. Der teiknar han eit bilete av ein «humanitær-politisk elite» som har stått i spissen for ei omskaping av Noreg frå ein homogen nasjonalstat til eit fleirkulturelt og fleirreligiøst land som har som mål å vere ei humanitær stormakt. Boka slo ned i innvandringsdebatten, vart ein bestseljar og vekte sterke reaksjonar. Professorkollega Jostein Gripsrud i Bergen skreiv året etter boka Norsk hamskifte? som eit tilsvar til Tvedt.

Tvedt har også vore ein skarp kritikar av den norske deltakinga i krigen i Libya i 2011. Ein av artiklane om dette emnet, i Nytt Norsk Tidsskrift, fekk prisen for beste tidsskriftartikkel publisert i 2015. Alt i 2007 fekk Terje Tvedt Fritt Ord-prisen for sine uredde meiningar om bistandspolitikken.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg