Teresie er – til liks med Terese – eit kvinnenamn som kjem av det greske øynamnet Thera (i dag Santorini) eller Therasia, naboøya til Thera. Dette øynamnet er laga til ein ordstamme som tyder ‘jakt’. Theresia (og varianten Teresa) kan tyde ‘jaktkvinne’.

Namnet har fleire variantar: Teresia, Teresie, Theresia, Theresie.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Teresie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Teresie i perioden 1900–2017, var det 79 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Teresie. Dette inneber at 21 prosent hadde Teresie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Teresie på 1800-talet.

Teresie var – til liks med Teresia – klart mest brukt i Aust-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Teresie på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Teresie var – til liks med Teresia – klart mest brukt i Aust-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Theresie.)

Historisk bruk av namnet Teresie
Historisk bruk av namnet Teresie
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg