Theresie er – til liks med Therese – eit kvinnenamn som kjem av det greske øynamnet Thera (i dag Santorini) eller Therasia, naboøya til Thera. Dette øynamnet er laga til ein ordstamme som tyder ‘jakt’. Theresia (og varianten Teresa) kan tyde ‘jaktkvinne’.

Namnet har fleire variantar: Teresia, Teresie, Theresia, Theresie.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Theresie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Theresie i perioden 1900–2017, var det 75 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Theresie. Dette inneber at 25 prosent hadde Theresie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg