Svale er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Svali/Sváli. Opphavet til dette namnet er usikkert. Det har opphavleg vore eit tilnamn, og det kan vere laga til det norrøne adjektivet svalr som tyder ‘sval’.

Namnet har ingen samanheng med fuglen svale.

Kjende personar med namnet Svale

Eksempel på ein person med namnet Svale som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Svale som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Magnússon, Ásgeir Blöndal 1989: [Íslensk orðsifjabók]. Reykjavík.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg