Sunniva er eit kvinnenamn som kjem av gammalengelsk Sunn-gifu. Forleddet tyder ‘sol’ og etterleddet ‘gåve’.

Vanleg form i norrønt var Sunnifa.

Namnet har fleire variantar: Sunneva, Sunniva.

Namnedag er 8. juli, som er festdagen for Sankt Sunniva. Synne og Synnøve har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Sunniva

Eit utval personar med namnet Sunniva, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Sankt Sunniva var ein av Norges tre mest framtredande helgenar i mellomalderen. Ho er truleg ikkje ein historisk person, men ein legendekarakter forma av ulike førebilete.

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 622 kvinner i Noreg som hadde Sunniva som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 46 jenter som fekk namnet Sunniva.

Utvikling i bruk av namnet

Synnøve er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen (på grunn av Bjørnsons nasjonalromantiske forteljing om Synnøve Solbakken). Namnet var i vinden lenger enn dei fleste andre nasjonalromantiske namna og var på topp i perioden 1920–1934. Oppsvinget for Sunniva frå 1970-åra kan sjåast i samanheng med ein nyare tendens til å ta i bruk opphavlege former i staden for seinare utvikla former, til dømes Synnøve. Det opphavlege Sunniva var såleis mykje meir brukt enn Synnøve rundt år 2000.

Utvikling i bruk av namnet Sunniva frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Sunniva frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg