Unionistisk propagandaplakat mot Sunningdaleavtala 1974
Svært mange unionistar meinte at Sunningdaleavtala var eit fyrste steg mot det dei ynskte seg aller minst - irsk samling.

Sunningdaleavtala var eit forsøk på å gjere slutt på konflikten i Nord-Irland i 1973. Motstandarane i konflikten var unionistar (tilhengarar av unionen med Storbritannia) og nasjonalistar (dei som ønska at Nord-Irland skulle bli ein del av Republikken Irland). Sunningdaleavtala skulle dele makta i Nord-Irland mellom dei to partane, noko ein håpte ville avslutte konflikten.

Sunningdaleavtala var ei kunngjering etter møte mellom tre nordirske parti, den britiske staten og den irske staten i Sunningdale, England. Avtala vart underskreve 9. desember 1973. Ifølgje avtala skulle makta delast mellom unionistar og nasjonalistar innanfor nye institusjonar, og den irske staten skulle ha ei rådgjevande rolle.

Avtala kollapsa i mai 1974 etter ein unionistisk generalstreik der militante lojalistar spela ei viktig rolle. Lojalistane stod bak samordna bombeaksjonar på den mest dødbringande dagen under the troubles.

Bakgrunn

I 1972, då britisk direktestyre av Nord-Irland vart innført, var det mest valdelege året i the troubles. I oktober gav Nord-Irlands minister William Whitelaw signal om maktdeling mellom parlamentariske orienterte unionistar og nasjonalistar, og i mars 1973 offentleggjorde han Northern Ireland Constitutional Proposals.

Innhald

Avtala garanterte at Nord-Irland skulle halda fram i union med Storbritannia så lenge fleirtalet der ynskte det. Vidare skulle det veljast ei nord-irsk forsamling med proporsjonal representasjon frå fleirmannskrinsar, og frå denne skulle det utgå ei «regjering» (Northern Ireland Executive) med unionistiske og nasjonalistiske medlemer. Regjeringa skulle koplast til eit allirsk råd med representantar frå den irske og den nordirske regjeringa og parlamenta i Belfast og Dublin.

Konflikt om innhald

Maktdeling var omstridd blant unionistane, og ei formell rolle for den irske staten var rekna som eit provoserande steg på vegen til irsk samling av dei fleste unionistar. Fleirtalet av nasjonalistane var tilhengjarar både av maktdeling og av den irske staten skulle få ei rolle. Eit mindretal blant nasjonalistane støtta IRA-krigføring mot britane, og kunne ikkje støtta samarbeid mellom den irske og den britiske staten om eit Nord-Irland under britisk kontroll.

Val og regjeringsdanning

I valet til den nordirske forsamlinga i juni 1973 vart det vald 78 representantar frå valkrinsar med fem til åtte representantar. 52 var tilhengjarar av Sunningdale og dei nye institusjonane, men det største partiet (Ulster Unionist Party) fekk vald inn både tilhengjarar og motstandarar. Samla var det fleire innvalde motstandarar enn tilhengjarar blant unionistane ettersom Democratic Unionist Party (DUP) og Vanguard Unionist Progressive Party var samla på motstandarsida saman med innvalde lojalistar frå Vest-Belfast.

Det avtalevenlege fleirtalet var ein vaklevoren allianse mellom (fleirtalet av) representantane for Ulster Unionist Party (UUP), Alliansepartiet og Social Democratic and Labour Party (SDLP). Sterkare maktdeling og tydelegare irsk dimensjon ville auka motstanden i UUP, svak maktdeling og utydeleg irsk dimensjon ville få SDLP til å tru at dette berre var ei lett modifisert utgåve av unionistisk fleirtalsstyre.

Sunningdaleforhandlingane og den nye nordirske regjeringa

Forhandlingane i Sunningdale i Sør-England 6.–9. desember 1973 var fyrste gongen sidan 1925 at den britiske statsministeren (i 1973: Edward Heath), den irske statsministeren (i 1973: Liam Cosgrave) og den påtroppande nordirske regjeringa hadde møte om framtida til Nord-Irland. Den vanskelegaste saka var rolla til den irske staten. Dei kom fram til at det skulle vera eit ministerråd der det sat sju medlemer frå kvar regjering med «utøvande, harmoniserande og rådgjevande roller». Den allirske rådet skulle ha 30 medlemer frå kvart av parlamenta i Dublin og Belfast, og skulle vera «rådgjevande og evaluerande». Ulster Unionist Party og SDLP hadde interesse av å tolka formuleringane ulikt, unionistpartiet minimalistisk og SDLP maksimalistisk.

Paraplyorganisasjonen Ulster Army Council vart skipa i protest mot denne allirske dimensjonen . Dei viktigaste paramilitære lojalistorganisasjonane Ulster Defence Association (UDA) og Ulster Volunteer Force (UVF) inngjekk.

Den nye regjeringa kom i arbeid frå 1. januar 1974. Partileiaren for UUP, Brian Faulkner, var regjeringssjef («Chief Executive»), assisterande regjeringssjef var Gerry Fitt frå Social Democratic and Labour Party. Blant dei 11 regjeringsmedlemene var seks frå Ulster Unionist Party, fire frå Social Democratic and Labour Party og ein frå Alliansepartiet.

Sunningdaleavtala på veg mot havari

4. januar 1974 avviste Ulster Unionist Council det allirske rådet med 427 mot 374 røyster. Brian Faulkner gjekk av som partileiar, men held fram som regjeringssjef. Han var då opplagt vesentleg svekka.

Etter dette samla Ulster Unionist Party, Democratic Unionist Party og Vanguard Unionist Progressive Party seg under paraplyen United Ulster Unionist Council i alle nordirske valkrinsar då det var val til Westminsterparlamentet i februar 1974. Dei gjorde valet til ei folkerøysting om Sunningdale og vann i 11 av 12 valkrinsar, den tolvte vart vunne av Social Democratic and Labour Party.

Regjeringssjef Brian Faulkner hadde fått fleirtalet både i eige parti og fleirtalet blant alle unionistar mot seg. Få dagar etterpå reiste Sunningdaletilhengjarane i Ulster Unionist Party eit nytt krav om at republikken Irland skulle fjerna dei grunnlovsparagrafane som slo fast at heile Irland var det nasjonale territoriet før Sunningdaleavtala kunne iverksetjast.

I slutten av mars 1974 kravde Ulster Workers’ Council (UWC) at den nordirske forsamlinga måtte oppløysast og truga samstundes med uro. UWC var ei samanslutning av lojalistiske fagforeiningsrepresentantar i Belfastindustrien med nære band til Ulster Defence Association (UDA) og Ulster Volunteer Force (UVF). Statsminister Harold Wilson vitja Nord-Irland i april 1974 og fortalde at det ikkje fanst noko alternativ til Sunningdaleavtala. Det provoserte den unionistiske opinionen, og Ulster Workers’ Council kom til å halda lovnaden sin om å skapa uro – det skjedde gjennom ein to veker lang generalstreik i mai 1974.

Generalstreik og lojalistisk valdsbylgje

Glenn Barr, ein av leiarane for Ulster Workers'Council (UWC)
Glenn Barr (1942-2017) var ein av leiarane for generalstreiken til Ulster Workers' Council (UWC) i 1974. Han var også nestleiar for Vanguard Unionist Progressive Party og vart valt inn i Northern Ireland Assembly i 1973. Samstundes var han brigader i det paramilitære Ulster Defence Association (UDA).

Dei paramilitære UDA- og UVF-militsane medverka til å setja opp sjekkpunkt og vegblokadar, og til å pressa fram deltaking i streiken. Streiken råka matvareforsyninga, storindustrien i Belfast, hamna i Larne og kraftstasjonar – og leidde til kaotiske tilstandar, særleg i delar av Belfast. Den britiske hæren greip ikkje inn, sjølv om dette var ulovlege aksjonar retta mot Nord-Irlandspolitikken til britiske styresmakter.

Valdsbruken auka kraftig medan streiken vara. Dei paramilitære lojalistane tok livet av 39 sivile, heile 33 av desse 17. mai 1974 då Ulster Volunteer Force sprengde tre uvarsla bomber i Dublin og ei bombe i Monaghan.

Det er breitt akseptert at personell frå hærregimentet UDR og frå politiet RUC medverka i desse bombeaksjonane, som gav det største tapet av menneskeliv på ein dag under the troubles. 28. mai 1974 gjekk Brian Faulkner av som regjeringssjef og heile regjeringa kollapsa.

Seinare forsøk på konfliktdemping

Styresmaktene prøvde å få til både maktdeling og ei rolle til republikken Irland i 1985 med Hillsboroughavtala. Også den gongen vart dei unionistiske protestane sterke, og initiativet lukkast ikkje.

Fyrst med langfredagsavtala frå 1998 nådde ein fram til ei meir vellukka maktdeling og ei rolle for den irske staten. Difor har Langfredagsavtala også vore omtala som «Sunningdale for slow learners». Ein viktig forskjell var at parti som stod nært republikanske og lojalistiske paramilitære var med i forhandlingsprosessen i 1998, men ikkje i 1973 eller i 1985.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Feeney, Brian (2020); A short history of the troubles. Dublin, O’Brien Press.
  • Gillespie, Gordon (2007); Sunningdale and the 1974 Ulster Workers Council strike. History Ireland nr 3 mai-juni 2007. History Ireland
  • O’Leary, Brendan (2020); A treatise on Northern Ireland. Volume 3: Consociation and confederation. From Antagonism to Accommodation? Oxford, Oxford University Press.
  • Patterson, Henry & Kaufmann, Eric (2007); Unionism and Orangeism in Northern Ireland since 1945. The decline of the loyal family. Manchester, Manchester University Press.
  • Walker, Brian M. (1992); Parliamentary elections results in Ireland 1918-92. Irish elections to parliaments and parliamentary assemblies at Westminster Belfast Dublin Strasbourg. Dublin/Belfast, Royal Irish Academy/The Institute of Irish Studies Queen’s University of Belfast.
  • Walker, Graham (2004); A history of the Ulster Unionist Party. Protest, pragmatism and pessimism. Manchester, Manchester University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg