Stewart er eit mannsnamn som går tilbake til slektsnamnet Stewart som kom i bruk i Skottland på 1500-talet. Slektsnamnet Stewart går tilbake til yrkesnemninga steward som tyder ‘(gods)forvaltar’, seinare også med tydinga ‘proviantforvaltar (på skip)’, jamfør norsk stuert.

Namnet har fleire variantar: Stewart, Stuart.

Kjende personar med namnet Stewart

Eit utval personar med namnet Stewart, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Stewart som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Stewart i perioden 1900–2017, var det 74 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Stewart. Dette inneber at 26 prosent hadde Stewart som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg