Siri Helle

Av /Samlaget.

Artikkelstart

Siri Helle er ein norsk agronom og forfattar med sterkt engasjement for miljø, dyrevelferd, berekraftig matproduksjon og matbransjepolitikk. Ho er aktiv avisspaltist, fagbokforfattar og foredragshaldar.

Bakgrunn

Siri Helle er fødd i Holmedal i Fjaler i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho var elev ved Firda vidaregåande skule i 1998–2001. Åra 2004–2005 gjekk ho teaterlinja ved Nordiska folkhögskolan i Kungälv i Sverige. Helle studerte til agronom i økologisk landbruk og var avløysar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i 2011–2013. Frå 2016 til 2017 var ho elev ved segllinja på Fosen folkehøgskule.

Journalistikk og landbruk

Frå 2005 til 2006 var Helle redaktør for Putsj, Natur og Ungdom sitt medlemsblad. Ho har òg arbeidd ein del år innanfor barnehage og pleie og omsorg. Frå 2012 har ho vore spaltist, frilansar og i periodar journalist i Dag og Tid. Sidan 2015 har ho livnært seg som frilansskribent, forfattar og foredragshaldar, og gardsavløysar.

Forfattarskapen

Miljøspørsmål, berekraft, økologisk landbruk og matbransjepolitikk er faste tema både når ho skriv, og når ho held foredrag. Grunnlaget for boka Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks la ho i tida som matspaltist i Dag og Tid. Boka kom i 2014 og var den faglitterære debuten hennar. Året etter kom Skal landet gro att? Korleis berge norsk jordbruk, ei bok der ho kjem med framlegg til konkrete tiltak som kan gjere jordbruket i Noreg berekraftig og lønsamt, samstundes som maten vi produserer er smakfull og sunn. I 2018 gav ho ut Matmakt på butikken, om makta dei store kjedene har i matmarknaden, men òg om kva makt kundane kan og bør ha. Boka er ein del av serien Norsk røyndom. I 2020 kom boka Med berre nevane: eit forsvar for praktisk arbeid, der forfattaren reflekterer over praktisk arbeid sin plass i samfunnet i møte med hennar eige byggeprosjekt rundt ei arva hytte.

Utmerkingar

I 2015 fekk Helle Melsomprisen for Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg