Santiago er eit spansk mannsnamn som går tilbake til Sant Jago som tyder Sankt Jakob. Jago er altså spansk form av Jakob.

Sankt Jakob skal vere gravlagt i pilegrimsbyen Santiago de Compostela i Spania.

Kjende personar med namnet Santiago

Eit utval personar med namnet Santiago, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Santiago som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg