Faktaboks

Rolf Erling Knutsen
Rottenikken
Fødd
10. oktober 1912, Skien, Telemark
Død
24. desember 1976, Tjølling, (no Larvik) Vestfold
Verke
Brotsmann, skoggangsmann
Familie

Foreldre: Faren var sementstøypar.

Gift 1) 1931 med ei kvinne frå Skien, ekteskapet oppløyst; 2) 1942 med ei kvinne frå Sauherad, ekteskapet oppløyst 1943.

Rolf Erling Knudsen
Rolf Erling Knutsen, brotsmann og skoggangsmann frå Skien. Allereie som nittenåring kom Knutsen i klammeri med politiet.

Rolf Erling Knutsen var ein rikskjend brotsmann og skoggangsmann under den andre verdskrigen, kjend under namnet «Rottenikken». I åra 1931–1943 fekk han ei rekkje dommar for tjuveri, underslag og skapsprenging. Han vart òg dømd for drap, men vart seinare frikjend. Knutsens liv og lagnad plasserer seg inn i norsk kriminalhistorie, kriminaljournalistikk og rettshistorie.

Bakgrunn

Knutsen voks opp i Bakkegata i Skien, der familien budde på eitt rom og kjøken. Han kom tidleg i konflikt med politiet. I løpet av perioden 1931–1943 fekk han 12 dommar med til saman 8 års fengsel. Den siste var for tjuvslakting, noko som gav han to og eit halvt års fengsel. Han vart sett i Botsfengselet, men overført til Opstad arbeidsleir på Jæren våren 1944.

Kallenamnet «Rottenikken» skal Knutsen visstnok ha fått fordi han som gutunge fanga rotter ved å «nikke» (fiske) etter dei med fiskesnøret i kloakken.

Andre verdskrig

I eit halvt år opererte Knutsen til skogs under okkupasjonen. Dét var det òg mange andre som gjorde, til dømes norske motstandsfolk, Gestapo, tyske soldatar, eit nazifisert politi, britiske sabotørar, britiske fly, angivarar og andre. I dette farlege og kaotiske landskapet tok Knutsen i bruk moderne rollespel ved å skifte dialekt og forkledningar, snakka brotvis engelsk, tysk og romani, gav seg ut for å vere jøssing, britisk kommandosoldat eller tysk gestapist, alt etter situasjonen han kom opp i. Dette, saman med oppdikta historier, truslar, tvang, brutalitet og vald, gjorde at han overlevde i lang tid som jaga skoggangsmann under ekstreme forhold.

Livet på rømmen

Mai 1944 rømde Knutsen frå Opstad leir i stripete fangedrakt under dramatiske tilhøve, tok seg inn i skogen og levde som skoggangsmann i Telemark, Vestfold, Buskerud og Oppland. Medan han var på rømmen, overlevde han ved å stele eller truge til seg mat og klede. I august slo han følgje med eit ektepar i Vestfold. Mannen vart seinare funnen drepen i Andebu, og Knutsen vart etter kort tid utpeikt som drapsmannen og erklært sinnssjuk i avisene. Namnet «Rottenikken» kom på førstesidene, og hovudstads- og lokalaviser fyltest opp av store reportasjar. Avisene portretterte han då som Noregs farlegaste forbrytar. Jakta vart trappa opp og intensivert, og i desember 1944 vart Knutsen pågripen.

Dom

Etter andre verdskrigen vart det teke ut ein omfattande tiltale mot Knutsen, blant anna for drap. Advokat Arthur Wiik vart oppnemnd til forsvarar. I 1946 vart Knutsen av lagmannsretten i Tønsberg dømd på indisium for drap. Drapsvåpenet vart ikkje lagt fram i retten, då det hadde kome bort. Våpenet var seinare funne i eit skap i Høgsterett. Dommen var på 18 års fengsel og 8 års sikring. Soninga skjedde mellom anna på Reitgjerdet kriminalasyl.

Sommaren 1953 greidde Knutsen å rømme frå Reitgjerdet, og hysteriet breidde seg endå ein gong, fram til han vart pågripen etter nokre dagar. Etter ei tid tok Leikvam og høgsterettsadvokat Torolv Idsøe, Knutsens nye forsvarar, til å arbeide for gjenopptaking av saka, og avisene trykte nye lesarinnlegg fulle av frykt, hat og hysteri.

Frikjenning

I 1955 kom saka til Knutsen opp på nytt, og etter 20 minutt vart det konkludert at drapsvåpenet ikkje kunne ha vore i Knutsens hand eller eige drapsdagen. Han vart dermed frikjend, 43 år gammal. Resten av livet farta han rundt på sykkel, selde småvarer og tok tilfeldige småjobbar. Men oppnamnet Rottenikken låg som ei forbanning over han heile livet. Fekk han seg arbeid ein stad, skreiv lokalavisa ein notis om dét, noko som førte til at jobben snart tok slutt.

Ettermæle

Folkesnakket, krigen og pressa gjorde Knutsen til ein mystisk, mytologisk og skrekkinngytande person. På 1940- og 1950-talet blei namnet Rottenikken brukt særleg på Austlandet til å skremme barn til lydnad: «Viss du ikkje er snill, kjem Rottenikken og tek deg!»

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • J. Røken Ødegård og B. Vale Wiik: Goddag, jeg heter Rottenikken, 1984
  • K. Holt: Skoggangsmann. En fortelling om Rottenikken, 1984
  • K. Glette: «Kåre Holts roman om Rottenikken», i Dagens gjest, Tønsbergs Blad 24.3.2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg