Ranveig er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Rannveig der forleddet Rann- enten kan gå tilbake til det norrøne rann med tydinga ‘hus’ eller til Ragn- (som i Ragnveig) med tydinga ‘råd; avgjerd’. Etterleddet -veig tyder truleg ‘styrke, dugleik’ eller ‘stridande, stridsfør’.

Namnet har fleire variantar: Randveig, Rannaug, Rannei, Rannveig, Ranvei, Ranveig.

Kjende personar med namnet Ranveig

Eit utval personar med namnet Ranveig, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 233 kvinner i Noreg som hadde Ranveig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Rannveig og stavevarianten Ranveig var mest brukte i perioden 1930–1949. Dei kjem dermed inn under hovudperioden for dei samansette nordiske namna (1920–1949). Frekvensanse for dei to variantane er slått saman og er presenterte med ei felles kurve.

Utvikling i bruk av namnet Ranveig frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Ranveig frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg