Per Håland

Faktaboks

Per Håland
Født
7. januar 1919, Høyanger
Død
9. oktober 1999, Oslo

Gula Tidendes 75-årsjubileum i desember 1979. Styreformann Olav Toft, redaktør Per Håland og disponent Sigurd Hille.

Gula Tidendes 75-årsjubileum i desember 1979.
Av /Arkivet etter Morgenavisen A/S, Bergen Byarkiv.

Artikkelstart

Per Håland var ein norsk avisredaktør og teaterkritikar. Han er mest kjent frå perioden som redaktør i Gula Tidend frå 1954 til 1979. Gula-Per, som han gjerne vart kalla, var ein profilert redaktør med særleg sans for spissformuleringar og overskrifter før den norske tabloidpressa si tid. Med det sterke engasjementet for nynorsk og norskdom gjorde han Gula Tidend til ein journalistskule for nynorskskrivande journalistar.

Før Håland kom til Gula Tidend arbeidde han som journalist i Høyanger Avis i 1939, som redaktør i Fjordabladet frå 1945 til 1947, deretter som politisk journalist i Verdens Gang frå 1948 til 1952, som redaktør i Vest-Agder i Farsund i 1952, og etterpå som politisk redaktør i Varden frå 1952 til 1954.

Håland var svært oppteken av teater, og melde i sine yrkesaktive år truleg fleire teaterpremièrar enn nokon annan teaterkritikar. Han tok i 1977 eit initiativ som seinare resulterte i at Hordaland Teater vart skipa.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg