Faktaboks

Johannes Lavik
Fødd
1. februar 1856, Eksingedalen i Vaksdal kommune, Vestland
Død
14. februar 1929, Bergen, Vestland
Johannes Lavik

Johannes Lavik var lærar, journalist, avisredaktør og målmann. Han grunnla og var første redaktøren i Gula Tidend. Lavik spela ei sentral rolle i målrørsla i oppbyggingsfasen, både regionalt og nasjonalt.

Bakgrunn

Johannes Lavik var fødd i Eksingedalen i Vaksdal. Etter å ha teke examen artium utvandra han i 1878 til USA, der han vart lærar på presteseminaret Augsburg i Minneapolis. Ei tid studerte han gresk og historie ved University of Minnesota, før han drog tilbake til Noreg i 1882.

Han heldt fram med å studere språkfag ved Universitetet i Kristiania, og i studietida skreiv han i dei nynorske avisene Fedraheimen og Vestlandsposten. I 1886 vart han cand. mag. Lavik var far til Herbrand Lavik.

Studentfabrikken

I 1888–1890 dreiv han saman med Paal Bergh ein privat høgskule på Voss, den såkalla Studentfabrikken. Studentfabrikken hadde der same føremålet som den meir kjende Heltbergs studentfabrikk i Kristiania på den tida, nemleg å gjera studentane i stand til å ta examen artium på kortare tid enn det som elles var vanleg på gymnasa.

Journalist og redaktør

I 1890 kom Lavik inn i avismiljøet i Bergen, først som medredaktør for Firda (Bergensutgåva) 1890–1893, deretter som redaksjonssekretær i Bergens Tidende 1894–1904. I 1904 skipa Lavik Gula Tidend, som han redigerte fram til 1919. Han slutta då som redaktør etter å ha brote med Venstre på grunn av bondepolitikken til partiet, men heldt fram som utanrikskorrespondent og -redaktør til 1921. Seinare redigerte han Bondebladet (1921–1928) og tidsskriftet Norrøna (1928–1929).

Målreising

Lavik var ein sentral figur i fleire av dei store målorganisasjonane. I 1896 var han med på å atterreise Vestmannalaget, og i 1904 var han med på å skipe Vestlandske Mållag, der han var leiar i 1912–1919. Han fremja det formelle forslaget om å skipe Noregs Mållag i 1906, og han var styremedlem der i 1906–1909, dei to første åra som nestformann.

Målsak, bondesak og norsk sjølvråderett var dei store sakene som Lavik engasjerte seg for. Fram mot unionsoppløysinga i 1905 gjekk han inn for ei kompromisslaus sjølvstendelinje, og han var kritisk til forliket i Karlstad. Seinare gjekk han sterkt inn for norsk overhøgd over både Svalbard og Grønland.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Johannes Lavik
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036708060448

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg