Peggy er eit engelsk kvinnenamn som kan oppfattast som eit slags rimnamn til Meggy (som er kjæleform av Margaret).

Namnedag er 12. desember. Pia har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Peggy

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Peggy Rambech fødd 1838 i Grong (Nord-Trøndelag). Før ho gifta seg, hadde ho etternamnet Sørensen.

Kjende personar med namnet Peggy

Eit utval personar med namnet Peggy, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 288 kvinner i Noreg som hadde Peggy som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Peggy frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Peggy frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Coleman, Nancy L. 1992–93: [Jonny, Ronny og Peggy] i Noreg: Kortform og kjæleform av engelske førenamn. [Namn og Nemne 9/10].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg