Ove Bakken

Faktaboks

Ove Bakken
Ove Menzony Bakken
Født
23. mai 1910, Singsås (no Midtre Gauldal), Trøndelag
Død
25. januar 2002

Artikkelstart

Ove Bakken var litteraturforskar og universitetslektor ved NTNU. Spesialfeltet hans var Rasmus Løland. Bakken var også aktiv i det frilyndte ungdomsarbeidet.

Ove Bakken var fødd i Singsås (no Midtre Gauldal) i Trøndelag. Han er gravlagd på Moholt kyrkjegard i Trondheim. Han vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1938, med norsk hovudfag og med tysk og engelsk i fagkrinsen. Etter avslutta studium arbeidde han som lektor ved Trondheim katedralskule fram til 1959, og han var sidan tilsett som universitetslektor ved Nordisk institutt ved Norges lærerhøgskole i Trondheim, seinare NTNU.

Han var redaktør for Klæbo-skriftet i 1934. Året etter gav han ut eit skrift om Inge Krokann. Tre år seinare følgde ein biografi om Rasmus Løland og ei samling av Løland sine noveller i utval, som kom i 1972. Bakken skreiv også ei rekkje interessante artiklar om litteraturhistorie, mellom anna om Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Dybfest og Knut Hamsun.

Bakken var med på fleire samarbeidsprosjekt. Saman med Olav Sundet gav han ut ei bok om Idar Handagard i 1944. Bakken var oppteken av pedagogikk og målsak, og Nynorsk ordliste for grunnskule og vidaregåande skule (1973) gav han ut i lag med Olav Næs.

Bakken var formann i Bondeungdomslaget i Trondheim i to omgangar, frå 1946 til 1947 og frå 1951 til 1957. Han var med i redaksjonsnemnda for femtiårsskriftet deira i 1954.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1930. Oslo 1955
  • Arnulv Sudmann (red.): «Ove Bakken», Norsk Allkunnebok, bd. 1. Oslo 1948

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg