Othilde er eit tysk kvinnenamn: Ot-hilde. Forleddet tyder ‘rikdom’ og etterleddet ‘strid’.

Othilde svarer til det norske Aud-hild. Othilde kan også vere ei omforming på norsk grunn av Otilie (utskifting av -ilie med -hilde).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Othilde som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Othilde i perioden 1900–2017, var det 74 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Othilde. Dette inneber at 26 prosent hadde Othilde som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Othilde på 1800-talet.

Othilde var mest brukt i Vestfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Othilde på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Othilde var mest brukt i Vestfold.

Historisk bruk av namnet Othilde
Historisk bruk av namnet Othilde
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg