Faktaboks

Olav Øyehaug

Olav Røyrhus Øyehaug

Fødd
12. juli 1977, Ørsta, Møre og Romsdal
Olav Øyehaug.
Av /Kolon forlag.

Olav Øyehaug er forfattar, musikar og komponist. Han skriv frisk og finurleg kortprosa, leiker seg med språk og form og skaper tankevekkjande historier.

Olav Røyrhus Øyehaug er fødd i ØrstaSunnmøre i Møre og Romsdal. Øyehaug har nordisk grunnfag (1997) frå Høgskulen i Volda, teatervitskap mellomfag (1999) frå Universitetet i Bergen og dramatikarlinja (2000) frå Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han komponerer filmmusikk og har mellom anna laga musikk til Den andre mannen(2008), ein film om Olav H. Hauge. Han spelar òg i kultbandet The Kanossa Gang.

Øyehaug debuterte med tekstsamlinga Kodane i 2008. Boka inneheld originale og humoristiske forteljingar om mellom anna ei forelska prøverøyrsbombe på rømmen, spøkjelsesfluger og ein kannibalistisk familie. Forfattaren skaper nye verder, vender ryggen til realismen og gir lesaren eit inntrykk av at alt kan skje. Kortprosasamlingane Essensen (2011) og Botnen (2016) har det same fabulerande preget som debutboka. Øyehaug tematiserer her mellom anna identitet og eksistens. Både språk og perspektiv overraskar, når han til dømes fortel om fluktforsøket til ein orangutang frå dyrehagen, eller om å kviskre i ein megafon.

Øyehaug skriv på nynorsk, med nokre få innslag av bokmål. Forfattarskapen er kjenneteikna av kortprosa, eller mikroforteljingar, som er korte fiksjonstekstar prega av fortetting og intensitet. Tekstane er fabulerande prosa, med ein snev av absurdisme og surrealisme. Forfattaren utnyttar spelerommet som ligg i kortforma, og både forma og språket er knapt, spenstig og rikhaldig. Han skriv ofte om døden, men i uventa former.

Utmerkingar

I 2008 fekk Øyehaug Veslebrorprisen for Kodane og Talentprisen for musikk til Den andre mannen under Bergen Internasjonale Filmfestival. I 2013 og 2017 vart han nominert til Gullruten for beste originalmusikk for Fjorden Cowboys.

Bibliografi

  • Kodane (Forteljingar, Kolon forlag, 2008)
  • Essensen (Forteljingar, Kolon forlag, 2011)
  • Botnen (Forteljingar, Kolon forlag, 2016)
  • Kodane, Essensen og Botnen (Forteljingar, Kolon forlag, 2017)
  • Stupet og handa (Forteljingar, Kolon forlag, 2021)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg