Eira

Eira kan oppfattast som eit nyare kvinnenamn (1883), truleg avleidd av kvinnenamnet Eir.

I Nord-Finland var Eira tidlegare brukt som mannsnamn (variant av Eero), og det gjekk seinare over til å bli eit kvinnenamn i Finland. Eira er også eit walisisk kvinnenamn laga til ordet eira som tyder ‘snø’.

Namnedag er 5. november. Egil og Egon har også namnedag denne dagen.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Eira Danielsen fødd 1883 i Bergen, busett i Mandal i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 960 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Eira som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg