Oddbjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Odd-bjǫrg. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘odd, spiss; spyd’ og etterleddet ‘berging’.
Oddbjørg
Kjende personar med namnet Oddbjørg
Eit utval personar med namnet Oddbjørg, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Oddbjørg Aarseth (1941)
- Oddbjørg A. Starrfelt (1948)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 284 kvinner i Noreg som hadde Oddbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Det er elles eit fellestrekk ved dei mest brukte namna med forleddet Odd- at dei var på topp i 1930-åra: Oddbjørg, Oddlaug, Oddny, Oddrun og Oddveig.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.