Magnus Dagestad

Faktaboks

Magnus Dagestad
Født
13. august 1865, Voss
Død
2. april 1957, Voss

Foto 1893. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Magnus Dagestad
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Magnus Dagestad, treskjerar og skulestyrar. Han arbeidde for ein norsk riksstil, som han kalla det, ein brukskunst og ein prydkunst som bygde på det beste i den norske folkekunsten frå mellomalderen. I tillegg til verkstad i Bergen og på Voss dreiv han Norsk kunsthandverksskule på Voss.

Læretid og etablering

Magnus Dagestad byrja i lære hos treskjeraren Lars Kinsarvik som 18-åring. Der laga han i hovudsak turistartiklar. Seinare videreutdanna han seg ved Bergens tekniske skole. I Bergen dreiv Dagestad etter kvart verkstad med ein kompanjong. Saman laga dei arbeid for møbelsnikkar Christopher Knag og til Christian Michelsen sin bustad, Gamlehaugen.

I perioden rundt hundreårsskiftet 1900 deltok Dagestad på fleire utstillingar i inn- og utland. På Landsutstillingen i Bergen i 1898 fekk han bronsemedalje for eit kråskap som vart innkjøpt av Vestlandske Kunstindustrimuseum.

Samarbeid med kona Helena

Armstol utført av Magnus Dagestad.

På lik linje med Lars Kinsarvik byrja òg Dagestad å måle møblane sine. I 1900 utdanna kona Helena Dagestad seg til brukskunstnar, og ho måla alle møblane hans etter det. Frå byrjinga av 1900-talet var alle måla møblar ei felles verksemd mellom Magnus og Helena Dagestad.

Lærargjerning

Magnus Dagestad var òg lærar. I tida frå 1905 til 1912 var han styrar for Vestlandske Kunstindustrimuseums Snedker- og Træskjærerskole, som vart starta i verkstaden hans på Voss. I åra 1921–1935 var han styrar ved Norsk kunsthandverksskule på Voss.

Magnus Dagestad verka òg som teiknar, målar, forfattar og spelemann.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lærum, O. D. (1989): Magnus Dagestad : treskjerar, spelemann og livskunstnar. Oslo: Samlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg