Faktaboks

Lars Kinsarvik

Lars Trondson Kinsarvik

Fødd
8. september 1846, Kinsarvik
Død
21. juni 1925, Kinsarvik
Verke
Treskjerar
Familie

Foreldre: Husmann og målar Trond Larsson Hus (1806–78) og Marta Helgesdotter Bråvoll (f. 1822).

Gift 1) i Sund 11.11.1869 med Johanne Amalie Andrea Johannesdotter Kjærland (16.9.1844–14.8.1881), dotter til lærar og klokkar Johannes Johnson Kjærland (f. 1804) og Karen Andrine Sommer Gartner (f. 1808); 2) i Kinsarvik 28.1.1885 med Anna Johannesdotter Lofthus (4.5.1862–14.4.1888), dotter til bonde Johannes Larsson Lofthus (f. 1819) og Marita Olavsdotter Hus (f. 1827); 3) i Kinsarvik 13.6.1889 med Kristi Arnesdotter Skeie (6.11.1863–1950), dotter til forpaktar Arne Nilsson Skeie (f. 1810) og Kari Brigtsdotter Mo (f. 1818).

Lars Kinsarvik. Møblement.
Lars Kinsarvik. Møblement.

Lars Kinsarvik var ein norsk treskjerar, skribent og spelemann. Han fekk stor innverknad på korleis norsk treskjerarkunst og husflid utvikla seg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Bakgrunn

Kinsarvik ville bli målar, gjekk frå 1865 på Bergens teikneskule og var elev av Anders Askevold, men kom i 1870-åra inn på studiet av den gamle norske treskurden og prøvde å gjenopplive han.

I 1887 fekk Christiania Kunstindustrimuseum sju arbeid av Kinsarvik som gåve frå pastor Christie i Ullensvang. Kinsarvik kom så i kontakt med kunstindustrimuseet. Etter kvart, i 1870-åra, oppretta Kinsarvik ein treskjerarskule i Kinsarvik med støtte frå kunstindustrimuseet. Såleis skapte han ein ny giv for treskjeringskunsten over heile landet. Han underviste først i Hardanger i perioden 1886–1889, og med statsstøtte på Ørsta og i Volda i 1905–1917.

Inspirert av Ole Olsen Moene

Ein periode var Kinsarvik inspirert av Ole Olsen Moene si akantusskjering. Etter kvart arbeidde han i ein meir forteljande stil med utskjeringar av menneske, nissar og dragar. Etter Kinsarvik høyrde eit foredrag av kunsthistorikar Andreas Aubert, bestemde han seg for å måle arbeida sine.

Gjennombrot

I andre halvdel av 1890-talet kom gjennombrotet. Kinsarvik gjekk frå å lage små dekorative bruks- og pynteføremål til utskorne møblar. Han vart inspirert av dei stolpekonstruerte stolane til mellomalderen. Treskjeringa var i høg grad påverka av dekorasjonane til stavkyrkjene med dragar og slyngornamentikk, og av norrøn mytologi. Typisk for han var også stolpane på stolar og andre møblar med utskorne hovud og dragar på toppen.

I åra 1905–1917 budde han på Sunnmøre, der han også tok imot elevar. I 1890-åra tok han til å fargeleggje skurden, og han utvikla eit særeige mønster med mykje grønt og blått. Kinsarvik hadde mange utsmykkingsoppdrag, både i kyrkjer, turisthotell og kaffistover. Han var representert på fleire utstillingar både i Noreg og utlandet, mellom anna på verdsutstillinga i Paris i 1899. Frå same året vart han statsstipendiat.

Kinsarviks elev Magnus Dagestad skreiv om læremeisteren: «Drakeprydnaden til Kinsarvik heiv eggja til kamp, til vokster, og til ei nyttig arbeidsutløysing i norsk-norsk pryd- og brukskunst.»

Øvrig verksemd

Kinsarvik var ein sentral figur i norskdomsmiljøet og dreiv både som foredragshaldar og som nynorskjournalist. Han skreiv dikt og prosa i lokalavisene og gav ei tid ut målbladet Maaltrosten. Saman med Halvdan Koht skreiv han Gamall norsk prydkunst (1907).

Han var også ein ivrig felespelar og framståande utøvar av norsk folkemusikk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Engen, Arnfinn (1996). Lars Kinsarvik : skaparen av «den norske stilen» i nyare treskjerarkunst, Thorsrud A.S.
  • Sveen, Dag (2004). Fra folkekunst til nasjonalt kunsthåndverk : Norsk treskjæring 1849-1879, Pax Forlag
  • Olav Kolltveit: «Lars Trondsson Kinsarvik», Norsk Allkunnebok, bd. 7. Oslo 1953

Faktaboks

Lars Kinsarvik

Kommentarar (2)

skreiv Jan-Tore Egge

Kan kanskje henvise til artikkelen i Norsk biografisk leksikon her, slik det som oftest gjøres?

svarte Georg Kjøll

Hei Jan-Tore. Har nå lagt inn en henvisning til NBL, puttet litteraturanbefalingen inn i samme artikkel og lagt til et par lenker. Alt godt fra Georg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg